OMKOMNE HENTA NED:
Dei to omkomne etter flystyrten på Voss er no henta ned frå fjellet. Dei blir etterkvart frakta til Gades institutt i Bergen for obduksjon, opplyser lensmann Ivar Hellene. Flyvraket blir ikkje henta ned i dag, men politiet håpar dei kan få vraket ned i morgon.