Han meiner det kunstneriske nivået er for dårleg, og at det blir gjort dårlege kunstneriske vurderingar.
- Dei køyrer store og tunge oppsetningar som rett og slett ikkje held mål. Eg ser óg at det er skodespelarprestasjonar som langt frå er gode nok, og det minnar om ei krise, seier han.
Morten Borgersen, teatersjef ved Den Nationale Scene.
- Kan ha gjort feil
Teatersjef Morten Borgersen vedgår at dei kan ha gjort feilvurderingar.
- Eg tek kritikken til etteretning, og me kan sjølvsagt ha gjort feil. Me kjem kanskje ikkje i hamn på alt me skulle på kvar forestilling, men å kalla det ei krise er feil, meiner han.