NRK Meny

- Lite oljesøl på strender

Oljeutsleppet frå den havarerte lastebåten "Server" har gjort liten skade på strendene i Hordaland, meiner Kystvakta.

Artikkelen er flere år gammel.

Kystvakta har patruljert eit større område måndag i samband med utsleppet.

- Det ser ut som mykje er skylla vekk, seier løytnant Einar Overå på kystvaktskipet Ålesund, som har ansvaret for å leie oljeoppryddinga.

På innsida av Hellesøy, der Server gjekk på grunn, har mykje tung olje blitt ført i land. Måndag er det også observert oljesøl fleire stader i Sogn, mellom anna i Gulen og Solund.

Men på strendene i Øygarden, Austrheim, Meland og Askøy er det lite å sjå til oljen.

- I området lokalt ved skipet er det mykje olje, men mange andre stader er mykje vaska vekk, seier Overår.

Kystverket har fått kritikk for at dei ikkje har gjort nok for å fange opp oljen.

Overå meiner dei i alle fall har gjort sitt beste.

-  Vi klarte rett og slett ikkje gå med lensene, det var for mye vind. Vi klarte ikkje å liggje i posisjon til å ta oljen opp.

Innsatsen har ikkje vore mykje å seie på, skal ein tru Overå.

- Vi står på uansett, men det har vore avgrensingar i høve til utstyr og personell.

Siste video

SE VIDEO: Hunden Viggo trener ved Fjellanger hundeskole på Lysekloster i Os. Han skal lære å snuse på pusteprøver fra pasienter og kjenne igjen lukten av kreft.
Døpes i Tromsø