-Høgre er ei miljøsinke

Høgre er ei miljøsinke i gasskraftverksaka. Det meiner Filip Rygg, som er energipolitisk talsmann i fylkestingsgruppa til KrF.

Varmekraftverk på Mongstad
Foto: Illustrasjon: Statoil

Høgre, saman med LO, kan gjera Hordaland til ein miljøversting ved å be regjeringa godta eit gasskraftverk utan Co2-rensing på Mongstad.

Krf-politikaren er overraska og provosert over at Høgre og Øyvind Halleraker ber regjeringa om å sjå vekk ifrå Statens forureiningstilsyn si anbefaling om å venda tommelen ned for eit gasskraftverk utan CO2 - rensing.

Hordaland er miljøversting

Krf meiner Høgre saman med LO bidreg til å gjera Hordaland til ein miljøversting i staden for å jobba for eit gasskraftverk med rensing.

Likevel fryktar ikkje Rygg at saka kan øydelegga for samarbeidet mellom dei to partia, som danna regjering saman i den førre Stortingsperioden. - I miljøsaker er me sterkt ueinige, men me samarbeider godt i andre saker, seier Rygg.