Hopp til innhold

- Veljarane vil gløyme Hardanger

Fylkesleiarar i Ap fryktar ikkje veljarflukt.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger
Foto: NRK

- Me gjer jo ikkje dette for å gjere stygge inngrep i naturen. Me gjer det fordi me treng betre straumtilgang til Bergensområdet om Midt-Noreg, seier fylkesleiar i Vestfolk Ap, Sonja Mandt.

2. juli kom den endelige avgjersla om at den omstridde kraftlina frå Sima til Samnanger skal byggjast.

Les òg: Lenkjegjeng frå heile landet

Les òg: Krever omkamp

Les òg: – Påført ubotelige skader

Fryktar ikkje veljarflukt

NRK har gjort ein ringerunde til fylkesleiarane i Arbeiderpartiet. Dei fjorten leiarane NRK har fått kontakt med stiller seg bak vedtaket til regjeringa.

Dei meiner veljarane ikkje vil straffe partiet når dei går til urnene i 2011.

- Eg trur saka hadde vore mykje vanskelegare dersom me ikkje hadde kome til ei løysing, og dersom heile Bergen hadde blitt mørklagt, seier nestleiar Tove Lise Torve i Møre og Romsdal Ap.

- Naivt

Frank Aarebrot i NRK sitt studio

Valforskar Frank Aarebrot meiner regjeringa hadde gjort lurt i å snu i Hardanger-saka.

Foto: NRK

Valforskar Frank Aarebrot meiner det er naivt å tru at veljarane har gløymt saka om eitt år.

- I dette høvet ville eg ikkje tatt sjansen på det. Eg trur regjeringa hadde gjort lurt i å sjå på Hardanger-saka ein gong til, og å kanskje revurdere saka. Fjellvettregelen ”Det er ingen skam å snu” gjeld her. I denne saka trur eg derimot det er veldig smart å snu.

Fylkesleiar, Sveinung Valle, i Hordaland innrømmer at partiet må jobbe hardt for å halde på veljarane.

- Arbeiderpartifolk i Hordaland og i andre fylker vil nok leggja seg i selen no og gjera desse spådomane til skamme. Me vil gjera vårt beste for å få det til, seier han.