Hopp til innhold

Fryktar unge blir lokka til narkomiljøa

Oddny Miljeteig (SV) meiner ungdommar vil bli skubba rett i fanget på tunge rusmisbrukarar når Nygårsdaparken stengjer.

Nygårdsparken

SKAL STENGJE: I går vart det kjend at Byrådet i Bergen skal pusse opp øvre det av Nygårdsparken.

Foto: NRK

Desse ungdomane ville aldri oppsøkt eit tungt rusmiljø som Nygårdsparken. No får dei det rett i fanget.

Oddny Miljeteig

– Det er inga tvil om at stenginga av parken vil føre til at narkomane blir spreidd til sentrumsnære plassar som Bystasjonen og Torgalmenningen. Der er det mange unge som oppheld seg, seier Miljeteig.

På ein pressekonferanse i går vart det kjend at byrådet skal pusse opp øvre del av Nygårdsparken i Bergen neste sommar. Parken i sentrum av Bergen har i fleire tiår vore kjend for openlyst narkosal og grov valdskriminalitet.

– Eit uheldig møte

miljeteig

BEKYMRA: Oddny Miljeteig er redd for fleire rusmisbrukarar vil trekkje til sentrumsnære område som Bystasjonen i Bergen

Foto: NRK/ Siri Kleiven Strøm

Ein av hovudgrunnane til at Byrådet ønskjer å stenge parken for narkomane er for å hindre rekruttering av nye folk til rusmiljøa. Miljeteig meiner det aldri kjem til å skje.

Ho hevdar at det er sjeldan ein ser at rusmiljø som finst i Nygårdsparken rekrutterar folk som ikkje er kjende med rus ifrå før.

– Dei som ikkje har ei tilknyting til rusmiljøetmiljøet i utgangspunktet, går ikkje i den delen av parken, eg er sikker på at det er veldig få som blir rekruttert til miljøet på den måten, seier ho.

Ho hevdar at det ikkje er noko tvil om at fleire unge blir rekruttert til tunge rusmiljø når byrådet stengjer parken.

– No kjem narkomane til å oppholde seg på meir sentrumsnære plassar. Det er heilt logisk at dei kjem til å sige ned på plassar som Torgalmenningen og utanfor Bystasjonen i sentrum. Det blir eit uheldig møte mellom dei unge som ikkje har noko med dop å gjere frå før av, og dei tunge rusmisbrukarane, seier Miljeteig.


Dreg parallellar til «Plata»


Forskar Sveinung Sandberg, ved Universitetet i Oslo, seier at stenginga av Nygårdsparken kan minne om «Plata» i Oslo, som var landets mest kjende oppholdstad for tunge rusmisbrukarar. «Plata» vart rydda av politiet i 2004, då fekk Sandberg i oppdrag av Universitetet i Oslo i samarbeid med NOVA, å skrive ein rapport for å sjå på kva det ville ha å seie for rekruttering av folk til rusmiljøa.

I rapporten «Rett frå pikerommet med ransel på ryggen – Om ungdom rundt Plata», var konklusjonen at Plata var ikkje-relevant for rekruttering av nye til miljøet, trass fysisk nærleik.

– Stader som Nygårdsparken og slik «Plata» var før, vil verke avskrekkande på dei som ikkje allereie høyrer til eit slikt miljø, seier Sandberg.

– Det vi såg var at dei ungdomane som oppsøkte Plata allereie var inne i eit narkotikamisbruk som hadde blitt utvikla andre stader, seier Sandberg.

Han legg til at det ikkje nødvendigvis vil føre til meir rekruttering at miljøet blir spreidd til andre stader.

Byrådet er ikkje bekymra

ulstein

HÅPAR PÅ POSITIV ENDRING: Dag Inge Ulstein i Byrådet i Bergen håpar stenging av parken vil gjer at færre unge kjem til rusmiljøa.

Foto: NRK

Dag Inge Ulstein, i Byrådet i Bergen delar ikkje bekymringane til Miljeteig. Han seier sjølv at ein av hovudgrunnane til at dei no ønskjer å stengje parken er for nettopp å hindre rekruttering til rusmiljøa.

– Å hindre rekruttering er jo ein av dei tinga vi ønskjer at skal skje. Om ein ser på statistikken etter at Plata vart rydda i Oslo kan ein sjå at det er færre unge i dei tunge rusmiljøa no, enn det var før ryddinga av plata, fortel Ulstein.

Oslo kommune iverksette ein handlingsplan i juni 2011, der dei mellom anna såg på ungdom i opne rusmiljø i Oslo sentrum. Konklusjonen av rapporten viser at det har vore ein stor nedgang i antall personar som oppheld seg i opne rusmiljø.

Ulsteinvik håpar det same kan skje i Bergen.

– Det hadde vore utruleg kjekt om vi klarte å få dei unge vekk frå miljøet, eg håpar sjølvsagt at det er det som skal skje, seier Ulstein.


– Dette var mi store skrekk

Ifølgje Miljeteig er det som no skjer med Nygårdsparken det verste som kunne skjedd. Ho hevdar at då parken vart forsøkt stengd på slutten av 80-talet, fekk det særs uheldige konsekvensar.

– Eg kjenner sjølv til folk som vart rekkrutert til dopmiljøet då politiet «sprengde» Nygårdsparken sist, det er ikkje noko tvil om at det fekk store konsekvensar, seier ho.

Mange av dei narkomane enda då opp med å vere på andre sentrumsstader, som til dømes Torgalmenningen

– Og no skal dette skje igjen? Dette har vore mi store skrekk, seier ho opprørt.