NRK Meny
Normal

- Tilrettelegg for sal av narkotika

- Narkotikamiljøet i Nygårdsparken har vorte tøffare det siste året. Det meiner både naboar og dei narkomane sjølve. No trugar velforeiningane i området med å gå til sak mot kommunen.

Sprøyter i Nygårdsparken
Foto: Grim Berge / NRK

Velforeiningane meiner kommunen tilrettelegg for sal av narkotika.

Til sak mot kommunen

I fjor iverksette Bergen kommune fleire tiltak for å få bukt med dei aukande problema med rusmiljøet i Nygårdsparken. Velforeiningane i området meiner tiltaka har slått feil og at forholda er verre enn nokon gong. No trugar dei med å ga til sak mot kommunen.

- Det er heilt feil å låse fast den haldninga om at dei narkomane skal vere i parken, seier Gunnar Haugen i Nygårdsparkens Venner, og krev at dei narkomane vert fjerna frå parken.

- Men då må dei narkomane sjølvsagt få andre tilbod, seier Haugen.

- Sprøyterom er løysinga

Haugen trur at eit sprøyterom langt på veg kunne hjelpt på forholda i parken, og det er narkomane samde i.

- Me ynskjer eit sprøyterom der me kan setje dosen vår trygt. Då vil òg talet på overdosedødsfall gå ned. Dette er ikkje reine omgivnadar. Me har masa om sprøyterom i mange år, men me blir ikkje høyrd, seier narkomane i Nygårdsparken som NRK har snakka med.

Vil ikkje fjerne dei frå parken

Helsebyråd Christine B. Meyer er samd i at forholda i Nygårdsparken er dårlege og at Bergen har eit stort rusproblem, men vil ikkje fjerne dei narkomane frå parken.

- Me hadde eit møte for kort tid sidan der me vart samde om at dei narkomane framleis skulle ha tilgang til parken. Planen er å avgrense området dei narkomane oppheld seg på, seier Meyer.

Helsebyråden fryktar at dei narkomane vil flytte seg inn til sentrum dersom dei vert jaga frå parken, og at dei då risikerer nyrekruttering til rusmiljøet.

Akuttklinikk

På torsdag skal helsebyråden i møte med helseministeren for å snakke om etablering av ein akuttklinikk for narkomane.

- Me trur dette vil hjelpe mange. Me vil kunne legge rusavhengige inn for ein kort periode i tillegg til å fylgje opp kvar og ein pasient, seier Meyer.

Ho håpar ein akuttklinikk kan vere på plass i løpet av kort tid.


Siste video

Programleiar: Jan Børge Lervik
Forsvaret detonerte håndgranaten som onsdag ble funnet på parkeringsplassen ved legevakten.