På Vestlandet ventar over 700 straffedømde på å sona i fengsel. 200 av dei er dømde til meir enn eit halvt års fengsel.
Ingen stadar i landet må straffedømde venta så lenge på soning i fengsel som på Vestlandet.
- Syr ikkje putar under fangearmane
No foreslår Kriminalomsorgens Yrkesforbund, som organiserer halvparten av fengselsbetjentene, å sleppa fangar ut etter å ha sona berre halve straffa.
Leiar i Kriminalomsorgens Yrkesforbund, Knut Are Svenkerud, seier dette ikkje er å sy puter under armane på dei dømde som blir sleppt fri.
- Vanleg jobb på dagtid, og ekstra innsats for lag og organisasjonar på kveldstid. Slik skal fengsla tømast for å gi plass til dei 3 000 som ventar på soning, seier Svenkerud.
FrP er ikkje begeistra
Å bygga 500 nye fengselsplassar vil kosta milliardar, men justispolitisk talsmann for FrP, Jan Arild Ellingsen, er ikkje begeistra for dette «slepp fangane fri»-forslaget.
- Eg reagerar negativt. Dette er å overprøve domstolen, sier Ellingsen.
- Det er kun å auke talet på soningsplassar som er ei akseptabel løysing, sier han.
- Lurt, seier fengselsdirektør
Per Sigurd Våge, som er direktør i Krimionalomsorgen, region vest, er samd i at det er lurt å la fangar sleppa ut frå fengselet og heller komma inn under kriminalomsorg i frihet.
På Vestlandet ventar 717 straffedømde på soning.