NRK Meny
Normal

- Sjøfuglvasking null effekt

Konklusjonen kjem etter Server-forliset utanfor Fedje for to år sidan.

Sjøfugl tilgriset av olje fra Full City
Foto: Åsmund Isaksen / SCANPIX

Vasking av oljeskadd sjøfugl påverkar ikkje bestanden av dei vanlege sjøfluglane våre, seier Stein Byrkjeland i Fylkesmannen si miljøvernavdeling i Hordaland.

Les også: — Ni av ti vaskede fugler dør

- Blir styrt av følelsar

- Omsynet til sjøfuglar er ofte det som kjem i fokus nest etter tap av menneskeliv i slike situasjonar, seier Bykjeland.

Då Byrkjeland var med å rydda opp i oljesølet etter Roknes og Server forliset for to år sidan kunne han konstantere at tusenvis av sjøfuglar døydde av tilgrisinga. Dessutan var effekten av redningsaksjonen skuffande.

- Effekten av redningsaksjonen for sjøfuglbestanden var lik null. Bestandmessig sett har det ingenting for seg, seier Byrkjeland.

- Men om vi skulle fått eit oljeutslepp i ein vanleg fjord har vi eit problem om vi ikkje har eit apparat på ein rehabilitering, legg Bykjeland til.

Ikkje enig

Sondre Båtstrand, stortingskandidat for miljøpartiet De Grønne i Hordaland meiner Byrkjeland overreagerar.

Båtstrand meiner årsaka til at vaskinga av sjøfuglen etter Server-forliset ikkje oppnådde den ønska effekten, kan skjyldast dårlege rutiner.

- Og derfor klarte dei ikkje å redde fleire, seier Båtstrand.

Gir råd etter Langesund-forlis

Byrkjeland er no i Langesund for å gje råd etter skipsforliset sist veke. Sjølv om vasking av vanleg sjøfugl ikkje har efftekt, og sjølv om Viltparagrafen tilseier avliving for å unngå liding skal sjøfuglen utanfor Langesund bergast- med Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim i spissen.

- Det var ein betydeleg avskyting av fuglar i felt, og det har stoppa. I staden har denne rehabiliteringsaksjonen blitt lagt langt tettare inn mot den statlege organiseringa enn vi nokon gong har sett tidlegare, seier Bykjeland.

- Aksjonen med å redde sjøfuglane etter Server-forliset kom for seint i gang. Om det hadde vore ein fast beredskapseinheit på dette, så kunne ein gjort mykje meir. Det må bli ein fast del av oljevernberedskapen, seier Båtstrand.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik