Hopp til innhold

- Regjeringa er for passiv

Både statsminister Jens Stoltenberg og miljøvernminister Helen Bjørnøy har vore altfor passive i Sellafield-saka. Det meiner tidlegare miljøvernminister Børge Brende.

Sellafield kjernekraftverk
Foto: Sabine Vielmo / Scanpix

Brende, som er nestleiar i Stortinget sin energi- og miljøkomitee, seier Sellafield-saka må løftast opp på eit høgre politisk nivå for å få stansa planane om eit nytt kjernekraftverk.

Børge Brende
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Samla opposisjon

Tidlegare denne månaden blei det kjent at Sellafield kan bli heimstad for eit nytt kjernekraftverk. Leiar i energi - og miljøkomiteen, Gunnar Kvassheim, sa til NRK at statsministeren må engasjera seg i saka. No får han støtte av nestleiar Børge Brende, som meiner regjeringa har vore altfor lite involvert.

Stengt sidan i fjor

Eit av attvinningsanlegga i Sellafield har vore stengt sidan i fjor, etter at over 80 tusen liter høgradioaktivt avfall lakk ut. Lekkasjen pågjekk i over åtte månader utan at nokon oppdaga det. Med dei nye planane om eit kjernekraftverk meiner Brende at Norge må markera sin motstand mot planane.

Press på regjeringa

Energi -og miljøkomiteen på Stortinget vil difor no leggja press på regjeringa, og krevja at dei kontaktar både statsministaren og miljøvernministaren i Storbritannia.