Hopp til innhold

- Reddar vi eit liv, er det verdt alt

Heime i Odda følgjer Alf Lund situasjonen etter katastrofeskjelvet i Sendai nøye. På 12 timar er han klar til å reisa til Japan for å hjelpa.

Etter katastrofeskjelvet i Sendai, Japan.
Foto: MIKE CLARKE / Afp

– Eg forstod med det same eg såg TV-bileta fredag at dette var stort. Det er så ufatteleg, seier Lund til NRK heime frå Odda søndag.

Sidan fredag har han og dei andre i det norske NORSAR-teamet vore klare til å dra til Japan for å hjelpa, på beredskapsordre frå Utanriksdepartementet.

– Utan samanlikning

Lund er erfaren som redningsmann. Han har vore med i Norske Redningshunder i 11 år. I 2003 var han i Bam i Iran i teneste, då eit jordskjelv råka landet i romjula.

– Men det vi ser i Japan no, kan ikkje samanliknast, seier Lund.

Det er jo ekstreme krefter som er i sving når slike ting skjer. Kva som gjer at du vil oppsøkja desse stadene frivillig?

Å få lov til å redda liv saman med hundane.

Greier vi å redda eit menneske, gir det så mykje at det overskuggar alt.

Men kva gjer du for å takla synet av så mykje vondt, så mange døde menneske?

Det blir så stort, så voldsomt at ein tek det ikkje inn over seg. Når vi er ute går det i eitt døgnet rundt, det vert ikkje tid til å fordøya det ein ser.

Men etter at vi har vore ute og søkt, snakkar vi i teamet alltid saman for å unngå at noko skal byggja seg opp i oss av det vi har opplevd, fortel Lund.

NORSAR og Alf Lund på oppdrag i Iran i 2003.
Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Får støtte i teamet

– Når vi er ute, er rytmen slik: Vi jobbar, søv og et; jobbar, søv og et. Vi deler telt og passar òg på kvarandre. Då er det viktig at lagarbeidet går knirkefritt.

Derfor er det første dei gjer når dei rykkjer ut, å allereie på flyplassen verta litt kejnde med dei andre, seier Lund.

– Alt før vi dreg ut frå Gardermoen brukar vi tida til overs før arbeidet i felten tar til, til å gjera oss kjende med kven dei andre på laget er, kva slags folk dei er "sivilt". Det er viktig for å støtta kvarandre.

Gjer meir enn å leita etter omkomne

– To ting er viktigast nett no: Å finna dei døde, og å ta vare på dei levande.

Etter ein slik katastrofe er det mange nye problem som trugar: Mat, vatn, og no i Japan har dei attpåtil store problem med atomreaktorar som kan gå i lufta. Vi leitar ikkje berre etter omkomne, vi gjer det vi kan for å bistå dei som er att, seier han.

– I Japan er det langt får over. Situasjonen vil nok bli verre framover, ikkje minst på grunn av straum- og vassmangel, seier Lund.

Vert sette pris på

Det varierer i kva grad dei norske NORSAR-utsendingane kan kommunisera med lokale i kriseråka strøk, ikkje minst på grunn av språket.

– I Bam merka vi språkbarrieren godt. Dette var langt ute på den iranske landsbygda, dei kunne ikkje eingong "okay" på engelsk, seier Lund - og legg til:

Men takknemlegheita, den merkar vi uansett. Vi vert godt motteke.

Med seg på alle oppdrag har hjelpekorpset, som består av brannfolk frå Oslo, Norsk Luftambulanse og altså norse Redningshunder som Lund tilhøyrer, alt dei treng av utstyr, mat og forsyningar. Det er viktig at dei ikkje vert ein ekstra byrde på dei som treng hjelp, forklarer han:

– Alt vi treng for å klara oss, har vi med. Vatn, telt, mat. Det skal ikkje verta noko ekstra belastning at vi kjem.

Viktig å visa at vi bryr oss

På spørsmål om kor viktig slike internasjonale mobiliseringar er, svarar Lund slik:

– Eg trur det er kjempeviktig, eg. Å visa at vi bryr oss.

For når naturkatastrofar skjer, kjem politikken i bakgrunnen. Landegrensene vert mindre viktige.

Men førebels blir han verande heime i Odda, saman med familien. Iallfall inntil den avgjerande telefonen kjem:

Slik situasjonen er i Japan no, kor stor er sjansen for at det går frå beredskap til utrykning for deg?

- Siste meldinga no, er at UD framleis held oss i beredskap. Meir veit eg ikkje, seier Lund, og legg til at 12 timar er meir enn nok tid til å gjera seg klar om dei må trå til.

– Kona skjønar at eg dreg

Dermed forlet Alf Lund kanskje Noreg og Odda endå ein gong i den næraste framtida, for å hjelpa framande menneske langt vekk med å finna att sine kjære - vonleg medan dei endå er i live. Men kva med hans eigne?

– Eg meldte meg inn i tenesta i 2000, og då berre lo kona. Ho trudde visst ikkje det skulle verta aktuelt å faktisk dra nokon stad.

No trur eg ho har vendt seg til at det står ein personsøkjar heime, som når som helst kan pipa, smiler Lund.

Tenker du nokon gong på om familien din er urolege når du dreg?

– Nei. Og eg trur ikkje det. Om kona er redd, så gjer ho iallfall ikkje uttrykk for det, avsluttar han.