Hopp til innhold

– Kanskje den største PR-bommen i historia

Fleire PR-toppar har vore kritiske til OL-kampanjen. Også sponsorkonge Jacob Lund meiner kommunikasjonsstrategien har vore ein katastrofe.

Sjå heile Vestlandsdebatten om OL her.

VESTLANDSDEBATTEN: Her kan du sjå heile OL-debatten, sendt direkte på nrk.no.

– Det har kanskje vore den største feilsatsinga i kommunikasjonsstrategi i Norge gjennom tidene, klinka Lund til under kveldens Vestlandsdebatten i Bergen.

Eit breitt panel med aktørar frå politikken og media var samla på Det Akademiske Kvarter i Bergen for å diskutera kva som gjekk gale med Oslo-OL. I går trakk som kjent Oslo kommune søknaden sin etter Høgre si stortingsgruppe hadde behandla saka.

– Folk har vore mot OL lenge. Eg trur det handlar om IOC og pengebruk. Då ein såg det som skjedde i Russland, vart det veldig vanskeleg å skape eit OL i Oslo, meinte sjefredaktør Gard Steiro i Bergens Tidende.

– Patetisk

Men Jacob Lund som jobbar med merkevarebygging i Sponsorconsult skuldar på PR-strategien til OL-kampanjen. Dermed slår han følge med fleire PR-toppar. Hans Geelmyuden gjekk i går ut i Kampanje og sa at PR- og kommunikasjonsstrategien til Oslo2022 har bomma fullstendig.

– Før valkampen i fjor, det blir patetisk når Hank von Helvete, Christian Ringnes og Petter Stordalen lagar vaflar medan Inge Andersen (generalsekretær i Norges Idrettsforbund, red.anm) flyr rundt i treningstøy, sa Lund under debatten i kveld.

Lund har vore særs aktiv i OL-kampen og har vore ein av dei viktigaste debattantane på nei-sida det siste året.

– Gjekk for langt

Hans Dankertsen i Fana IL representert idretten i kveldens panel under Vestlandsdebatten. Han meiner argumenta frå idretten har vore for dårlege.

– Det er klart ein blir skuffa. Dei har trudd dette skulle gå av seg sjølv, det må eg få seie.

– Kva meiner du neisida har vore uredelege på?

– Det vi snakkar om er: kva er idrettens verdiar? Vi meiner idretten for seg sjølv står for nokre verdiar medan IOC har gått på tvers på nokre verdiar. Å forsvare det har vore vanskeleg.

– Men at det har vore ein del spark der nede med at alt innafor idretten og IOC har vore for svakt og at det berre er korrupsjon – der syns eg nei-sida har gått altfor langt.

Frå Vestlandsdebatten.

Sjå klipp frå Vestlandsdebatten.

Helge Dankertsen i Fana idrettslag

Hans Dankertsen i Fana IL meiner kritikken mot idretten og IOC gjekk for langt.