Hopp til innhold

- Oppdrett kvelar korallrev

Havforskningsinstituttetet fryktar at eit oppdrettsanlegg ved Nakken i Stord kommune kan øydelegga eit korallrev.

Norsk korallrev
Foto: Havforskningsinstituttet

- Ny forsking havforskninga har gjort viser at under oppdrettsanlegg kan det verta fire gangar så mykje masse som elles, grunna avfallet frå anlegget, fortel Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet.

På video-opptak har Fosså sett korallar som kan ha vorte skadd av anlegget.

Oppdrettsanlegg (Illustrasjonsbilde)
Foto: Illustrasjonsfoto: Roar Greipsland / Scanpix

Mykje straumningar

Det er verksemda Veststar som driv oppdrettsanlegget ved Nakken, dei ynskjer granskinga velkommen.

- Me har ikkje noko i mot denne undersøkinga, seier produksjonssjef Stein Helge Skjelde fortel at dei ikkje fryktar at korallane skal ta skade av drifta ved anlegget.

- Det er så mykje straum i området, at eg ikkje trur sirkulasjonen gjer at det ikkje er stor fare for skadar, og i tillegg ligg reva eit stykke unna oppdrettsanlegget, seier Skjelde.

- Ikkje tidlegare kjend

Det har ikkje tidlegare vore kjend at det har vore korallrev så nær oppdrettsanlegget ved Nakken, men på opptak teke med undervasskamera kan Fosså tydeleg sjå korallane.

- Her kan me sjå både friske og døde korallar, og det kan vera heilt normalt, seier Fosså, men forskaren fryktar at avfall frå oppdrettsanlegget kan påverka korallane, og i værste fall kvela dei.

Og han meiner det ikkje bør verta gitt noko permanent løyve til å driva oppdrett før miljøkonsekvensane er undersøkt.