På laurdag åpnar golfbane nummer to på Voss og daglig leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, John Martin Jackobsen er
no uroa for at mange golfbaner kan truge det biologiske mangfaldet.
Fryktar at artar forsvinn
- Ei golfbane betyr jo at du endrar det opphavelege landskapet og gjerne fjernar livsgrunnlaget for fuglar, plantar og dyr i området, seier han. - I verste konsekvens, om dette held fram i lang tid kan det føre til at artar forsvinn.
- Nok golf no
Golfarane i Hordaland har nok plass, meiner Naturvernforbundet. Arkivfoto: NRK
8000 personar, altså 1.8 prosent av dei som bur i Hordaland, spelar golf. Ei fullverdig golfbane opptek 500 dekar, det vil sei om lag 500 hustomter.
- Om ein ser på kor store areal denne vesle prosentandelen av befolkninga i Hordaland legg beslag på, så er det kanskje nok golf i fylket, meiner Jackobsen.
- Treng bana
Men dagleg leiar i Voss golfbane AS, Per Støyva avdramatiserer det heile. Han hevdar bana som skal opne laurdag, vil passe godt inn i landskapet, og peiker på dei positive følgjene for reiselivet.
- Når bana har fått grodd seg til, så skal det kunne sjå ut som om den har lege der i tusen år.
- Vi treng bana fordi Voss er ei reiselivsbygd og golf er ein fritidsaktivitet fleire og fleire driv med, seier Støyva som også kan vise til at golfklubben på Voss veks raskt.