NRK Meny
Normal

- Når ikkje kollektivmåla

- Talet på kollektivreisande i Hordaland aukar ikkje fort nok, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Tide-buss

Fylkesrådmannen meiner ei langt større satsing må til for å auka passasjertalet med 50 prosent dei ti neste åra.

Foto: NRK

Politikarane i Hordaland har som mål å auka passasjertalet med 50 prosent dei neste ti åra. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen meiner ei langt større satsing må til om det skal vera mogeleg.

Paul M. Nilsen

Fylkesrådmann i Hordaland, Paul M. Nilsen.

Foto: Gøran Langedal

- Utviklinga er for svak. Alle som gjer litt enkelt rekning, vil jo sjå at den auken me har no, er for svak i forhold til målet om 50 prosent, seier Paul M. Nilsen.

Fylkesordføraren er optimistisk

I år ligg det an til at talet på kollektivreisande i Hordaland aukar med to prosent, omlag det same som folketalsveksten.

Likevel er fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg heilt sikker på at talet på reisande skal auka med 50 prosent fram til 2020.

- Me er veldig optimistiske på å nå dette målet, seier ho.

- Me har fått eit kjempetilbod og er heilt annleis skodd med å gå inn i dei ti neste åra enn me har vore tidlegare i Hordaland, seier fylkesordføraren.

Torill Selsvold Nyborg

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

- Må ta grep

Fylkesrådmannen deler ikkje optimismen til fylkesordføraren. Han er tydeleg på at langt kraftigare lut må til om fylkeskommunen skal nå målet.

- Kollektivtrafikken må både styrkast og forbetrast, seier han.

Heller ikkje opposisjonen er imponert.

- Dei er jo ikkje i nærleiken av å nå målsetjinga. Dei må rett og slett ta eit grep og både redusera privatbilismen og forbetra tilkomsten og frekvensen. Først då vil ein nå dette målet, seier Nils-Olav Nøss, som sit i samferdsleutvalet for Arbeidarpartiet.

- Betre før Bybanen

- Dersom eg hadde hatt eit anna alternativ enn å ta bussen, så hadde eg ikkje tatt bussen, seier Anna Lena Tofterå.

Som busspassasjer i Bergen veit ho korleis det er å venta på neste buss.

- Eg kan jo ikkje stola på dei tidene som står i rutene, for bussen brukar jo mykje lenger tid enn det står, seier ho.

- Eg synast det har blitt litt dårlegare etter at Bybanen kom. Det gjekk fleire bussar før.

Kva meiner du politikarane må gjera for å nå målet?

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.