Leiteaksjonen i går enda godt, og 18-åringen kom seg ned på eiga hand.
Men fotturistar som vil oppleva den spektakulære utsikten over Åkrafjorden ved Langfoss, må gå på ein sti som
er vanskeleg å finna.
Problem å finna turstien
Ordførar Amund Enge liker ikkje tanken på at Etne sin store turistattraksjon har ein tursti som folk har problem med å finna.
- Me skal ikkje ha det slik, og eg lover at me skal gjera alt me kan for at folk skal kunna finna fram, og for at dei skal kunna føla seg trygge, seier Enge.