Hopp til innhold

- Me vert tvangsflytta

Medisinstudentane i Bergen rasar mot Helsedirektoratet.

Medisinstudentane demonstrerer
Foto: NRK

Med parolen "Nei til treårig tvangsflytting" demonstrerte medisinstudentane på Haukeland Universitetssjukehus i dag.

Årsaka er at Helsedirektoratet foreslår tre års pliktteneste, i plassen for turnus i halvanna år etter utdanninga.

- Det tek i frå dei nyutdanna legane sosiale rettar etter utdanninga, seier Einar Vie Sundal, leiar i Norsk medisinstudentforening til NRKHordaland.no.

Loddtrekning avgjer

Studentane reagerer på at det sjølv om tenestetida vert dobla, ikkje vert teke omsyn til om studentane har ungar i barnehage eller skule. For loddtrekning skal framleis avgjera kor ein får plass.

- Det vil bety at dottera mi må reisa rundt i landet i tre år når ho er i skulealder, samstundes som sambuaren min anten må bu ein annan plass, enn meg og barnet, eller at han må flytta rundt med arbeidet sitt, seier legestudent Elise Thowsen Tonning, som møtte opp på demonstrasjonen med dottera på armen.

Bemanningsproblem

Norsk medisinstudentforening meiner årsaka til omlegginga er bemanningsvanskar, og ikkje krav om ei betre medisinutdanning.

- Me meiner bakgrunnen for dette er eit bemanningsproblem, som helsevesenet ikkje kan handskast med, slik mme ser det er plikttenesta er av dårlegare kvalitet enn dagens turnusordning, seier Sundal til NRKHordaland.no

Medisinstudentane reagerer

DEMONSTRERTE: Medisinstudentane møtte mannsterke opp for å protestera mot endringane til Helsedirektoratet.

Foto: NRK