Hopp til innhold

- Me må læra av feila me gjer

Erna Solberg seier fleire hendingar i nyheitsåret 2013 har prega ho som statsminister. – Eg håpar 2014 kan bli eit betre år på områder vi ikkje snakkar så mykje om.

Erna Solberg juleintervju

– Vi har hatt mange alvorlege hendingar dette året. Vi opplever jo sårbarheter i systemet vårt ved alvorlege hendingar som trippeldrapet i Årdal, seier Solberg til NRK.

Statsministeren sit i statsministerbustaden. Ho fortel at familien har funnet seg til godt til rette sidan dei flytta inn. Sjølv er ho klar for eit nytt år.

– Me må læra av feila vi gjer

Nyheitsåret 2013 har vore prega av store hendingar. Mange av dei har gjort sterkt inntrykk på statsministeren.

– Noreg er eit lite land med lav kriminalitet, men vi er ein del av den store verda. Eg er oppteken av at vi skal prøve å lære av eventuelle feil som vert gjort og kva som kunne vore gjort betre.

Ho snakkar om trippeldrapet i Årdal.

– Det er vanskeleg å ikkje trekke parallellar til seg sjølv som foreldre når ein høyrer om slike episoder.

– Noko av dei vanskelegaste, men mest rørande møta eg har, er møta med foreldre som har mista borna sine. Alle foreldre tenker jo at dei ikkje skal overleve sine born. Ikkje omvendt, seier statsministeren.

– 2014 blir eit feiringsår

Statsministeren fortel at ho no gler seg til det komande året.

– 2014 er jo et stort feiringsår for Norge. Det er 200-års jubileum for grunnlova. Eg håpar vi kan bli betre på områder som vi ikkje snakkar så mykje om til vanleg.

Då tenker statsministeren mellom anna på psykisk helsevern.

– Dårleg psykisk helse er vår største folkesjukdom. Vi har framleis mange menneske i samfunnet vårt som opplev at kvardagen ikkje er så enkel, seier Solberg.

– I staden for å tenke på store feiringar, tenker eg at det er det vesle kvardagsarbeidet kvar enkelt av oss gjer som er viktig. Alle må passe på at folk rundt seg skal føle at dei vert sett og høyrt.