Hopp til innhold

- Må få køyre gratis til kyrkja

Bømlingane bør sleppa bomstasjonar på kyrkjevegen! Det meiner soknepresten på Bømlo.

Bomstasjon illustrasjonsbilde
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Sokneprest Gunvald Bjotveit meiner det er urettvis at nokre kyrkjegjengarar skal betala bompengar, medan andre slepp.

- Kanskje det hadde vore ein idé å la vegen vera bomfri i helgene. Då ville ikkje gudstenestene bli råka, føreslår Bjotveit.

Betaling for gudsteneste

6200 innbyggjarar på Bømlo soknar til Bremnes kyrkje på Svortland.

Dersom ein bompengestasjon i Hollundsdalen, hovudvegen inn til Svortland, blir ein realitet, vil ein stor del av kyrkjelyden måtta betala for å koma i kyrkja.

Og det liker sokneprest Gunvald Bjortveit dårleg.

- Dette er jo absolutt ikkje gunstig dersom det blir eit argument for å la vera å gå i kyrkja. Og dette vil berre råka dei frå Bremnes, seier han.

Gratis passering i helgene

Men likevel meiner Bjotveit at ein må vera solidarisk dersom det er bompengar som skal til. Han lanserer difor eit både-og forslag; gratis passering i helgene.

 

Eg har ingen ønskje om å kasta mørke skuggar over folk sitt åndelege liv.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Hans Otto Robberstad.

 

Det var Arbeidarpartiet som bad Norconsult om fleire alternative bomstasjonar i kommunen.

Truleg andre løysingar

Dei blei lagde fram på eit folkemøte tidlegare denne veka, og lanserte altså eit av dei alternativa som soknepresten no reagerer på.

Men no ser det ut til at soknepresten ikkje treng å uroa seg likevel. Robberstad meiner bomstasjonen i Hollundsdalen ikkje er rekningsvarande, og trur det berre blir éin bomstasjon på Bømlo.