I tre-tida i natt raste mange store steinblokker ned i vegen ved Steganestunnelen på Europaveg 16 like ved Stanghelle i Vaksdal kommune.
Vegen vart stengt og kunne ikkje opna før dagslyset kom og geologar hadde undersøkt rasfaren på staden.
Fleire trassa sperringa
Raset sperra ikkje vegen fullstendig, og i løpet av natta var det fleire som køyrde forbi sperringane og gjennom raset.
Ein av dei var postmann Ove Markhus.
- Medan eg sto ved raset kom det ein lastebil og to vogntog. Dei hadde jo køyrd forbi, seier han. Han velde då å gjere det same, sjølv om han måtte flytte ein bom som stengde vegen for å køyre forbi.
Set liv og helse i fare
Kåre Olav Aldal, som er byggjeleiar i Statens vegvesen seier folk flest stort sett er flinke til å respektere vegstengingar, men at nokre likevel vel å setje liv og helse i fare.
- Det er mange som har dårleg tid og finn det freistande å trasse ei slik sperring, men er forbunde med livsfare. Det er i tillegg ulovleg og kan medføre straff, seier han.
Posten skal fram
Postmann Markhus seier at han i etterkant angrar på at han køyrde forbi sperringa, men at han trass alt er oppteken av å gjere ein god jobb.