Men han understrekar at det er Idrettsforbundet som har oppgåva med å lansera kva for kandidatar som er aktuelle.
«Vekas idiot»
Det er leiar Roar Andersen i Idrettsrådet i Bergen som relanserer ideen om OL på Vestlandet.
Då Andersen kom med same OL-ideen for fire år sidan, blei han møtt med latter, og kåra til «Vekas idiot» i Bergensavisen.
Roar Andersen på Fløyen, som han meiner er perfekt for bob-bane i OL. (Foto: Janne Marit Myklebust/NRK)
Lillehammer i -94
No meiner kulturminister Giske at sjølv om OL-ideen fortsatt er luftig, treng ikkje det vera ein grunn til å stansa han.
- Det var jo mange som meinte at det var ein ganske luftig tanke den gongen Lillehammer skulle søkja om OL i 1994 også. Å arrangera OL må jo vera fullt mogleg å gjera andre stader i landet óg, meiner han.