- Landlos kunne hindra forliset

Ein los som heldt kontrollen frå land kunne hindra at "Server" hamna i fjæresteinane på Fedje. Det meiner formannen i Losforbundet. 

"Gå rett vest", var bodskapen frå Trafikksentralen på Fedje til "Server".

Her kan du høyre kva som vart sagt i kommunikasjonen mellom trafikksentralen og "Server" dei siste dramatiske minuttane før forliset.

Resten kjenner vi etter kvart som ei temmeleg grisete oljehistorie.

Gjennomføre siste del av losinga

Men etter alt å dømme hadde det gått heilt fint viss ei landbasert losteneste hadde vore på plass på Fedje.

Det er formann i Losforbundet, Jan Magne Fosse, som meiner dette, så sant det ikkje er snakk om tekniske feil med båten.

Ifølgje Fosse kan losen på land gjennomføre siste del av losinga etter at losen om bord i skipet har gått over i losskøyta.

- Denne losinga kan anten føregå ved å gje fartyet direkte kurs og fart, eller ved at fartyet seglar under overvaking av losen og at han grip inn viss det skjer noko unormalt under seglasen, seier Fosse.

M/S "Server"
Foto: Anders Jørgensen / NRK

Tiltak i dårleg vêr

Landbasert losteneste er høgaktuelt når vêret er for stygt eller skipa for små til at losbåten og helikopteret kan hente eller bringe losen ute i havet.

Fosse anslår at losteneste frå land kan vera eit aktuelt verkemiddel for mellom 1000 og 2000 losoppdrag i året frå Fedje.

- Dette er eit av dei mest aktuelle tiltaka, også fordi det er det tiltaket som praktisk sett er enklast å gjennomføre, seier Fosse.

Kystdistriksjef John Erik Hagen i Kystverket stadfestar at dette er eit viktig framlegg etter "Server"-havariet.

- Kanskje landbasert losing vil vere eit av tiltaka når vêret er dårleg, men dette er noko av det vi vil sjå nærare på no.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.