Hopp til innhold

- Lær av Stavanger

Mens utviklingen av sjøfronten i Bergen er preget av konflikt, er samarbeid gjennomgangsmelodien i Stavanger.

Video nsps_upload_2009_2_13_17_8_15_78.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stavanger-arkitekt Helge Schjelderup meiner Bergen har mykje å lære av Stavanger når Bergen skal ta stilling til kva man skal bruke sjøfronten til.

For i Stavanger samarbeider kommunen og grunneigerane i langt større grad enn i Bergen.

- Me er meir pragmatiske, og kanskje det er noko å læra av å gå inn i det. Kva me faktisk har gjort her nede. For dei er gode eksempel, seier Helge Schjelderup.

Eit av døma er selskapet Urban sjøfront. Der har 21 grunneigarar i tett samarbeid med kommunen gått saman for å arbeida fram ein overordna plan med grønne lunger og strandpromenadar i heile bydelen. Utan motstand har dei fått politisk gjennomslag for planen.

Video nsps_upload_2009_2_13_17_23_33_82.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kristin Gustavsen leiar samanslutninga. Ho meiner samarbeidet med kommunen har vore avgjerande.

- Mange vil nok hevde at det var ei forutsetning for å få ei utvikling til å gå skikkeleg på skinner i dette området, seier ho.

I Bergen er det langt meir motstand.

- Kanskje det har noko med den bergenske kulturen å gjere, der me lagar ståhei om det meste.

Det seier Terje Gilje, direktør i BOB men også bystyrerepresentant for KrF.

- Det er i alle fall ikkje tvil om at der gjer utbyggjarane i Stavanger eit genistrek. Her kan ikkje vi utbyggere skylde på verken kommunen eller politikere, her må vi faktisk gå i oss sjølve, seier Gilje.

Partifelle og Byråd for byutvikling Lisbet Iversen (KrF) vedgår at byutviklinga i Bergen kan vera prega av steile frontar.

- Det har vore ein tendens til at ein gjerne står i to skyttergraver mellom kommune og utbyggjar. Hvis vi kan vera einige om kva som påverkar framdrift, så trur eg vi kjem litt lenger i Bergen.

Venstre-politikar i oljehovudstaden, Helge Solum Larsen, meiner betre samarbeid mellom utbyggarar og kommunen, slik ein har sett i Stavanger, er nøkkelen for effektiv byutvikling.

- Eg trur nøkkelen handlar om respekt for kvarandre. At me gjer ting i eit partnerskap der alle veit, at vi er ein kommune som også vil gode ting, og vil at det skal bli realisert fornuftige private prosjekter. Og vi er villige til å vera med og ta eit ansvar for å få det til.