NRK Meny
Normal

- Klart eg har sakna Huseklepp

60 dagar utan Erik Huseklepp var meir enn nok for Brann-trenar Mons Ivar Mjelde.

Erik Huseklepp

COMEBACK: To månader er gått sidan Erik Huseklepp brakk ankelen. 2. pinsedag var han tilbake i kamp.

Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport

Huseklepp brakk ankelen 13. mars i treningskamp mot Malaga og har hinka rundt på krykker i lang tid sidan då.

2. pinsedag var han tilbake for Brann i 1. runde i cupen mot Loddefjord. 23-åringen kom inn for Tijan Jaiteh 17 minutter før slutt.

- Klart det var kjekt. Erik var Noregs beste joker i fjor. Han var med og endra kampar.Eg har ikkje hatt han tilgjengeleg i heile år, så det er klart eg har sakna han, seier Brann-trenar Mons Ivar Mjelde.

Får smerter

Huseklepp kjenner det framleis godt i ankelen, men har fått beskjed om at han kan bite smertene i seg. At det gjer vondt skal ikkje gjera skaden verre.

- Eg håpar å vera tilbake så fort som mogleg. Og sjølvsagt til 16. mai-kampen. Men vi får sjå korleis det går utover i veka, seier han.

- Merkar du at du trekkjer frå situasjonar på grunn av ankelen?

- Eg prøver å ikkje gjera det, men kanskje gjer eg det litt ubevisst, seier Huseklepp.

- For bedageleg

Mons Ivar Mjelde var glad for å sjå Huseklepp i kamp igjen, men ikkje spesielt glad over at det berre blei 4-1-siger mot 3. divisjonlaget frå Bergen Vest.

- Vi tok det litt for bedageleg. Hadde vi gjort jobben skikkeleg, så hadde vi vunne 10-1. Men vi sparte Petter, Thorstein, Eirik, Krissi, Erlend og Håkon i forhold til det som skal skje på fredag. Og laget i dag ber preg av det, synes Brann-trenaren.

Fotball-NM menn mandag, 1. runde:

Loddefjord Brann 1-4 (0-2)

3231 tilskuere
Dommer: Chriss Bjorøy, Bjarg.

  • 0-1 Robbie Winters (20)
  • 0-2 Winters (44)
  • 0-3 Gylfi Einarsson (55)
  • 0-4 Njogu Demba-Nyren (60)
  • 1-4 Kristian Pilskog (87)

Brann (4-4-2): Kenneth Udjus Bjørn Dahl, Azar Karadas, Olafur Orn Bjarnason, Michael Thwaite Cato Guntveit (Gylfi Einarsson fra 46.), Hassan El Fakiri, Tijan Jaiteh (Erik Huseklepp fra 74.), Nicolay Misje Njogu Demba-Nyren (Mathias Møvik fra 67.), Robbie Winters.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik