NRK Meny
Normal

- Kastar leigetakarar på dør

Leieboerforeningen i Bergen hevdar at stadig fleire huseigarar tek lova i eigne hender og kastar ut leigetakarar sjølve.

Eit sambuarpar i Ytre Arna fekk laurdag døra sparka inn og beskjed om å forlata huset av huseigaren.

- Til og med dørkarmen var sparka inn. Eg var veldig redd, fortel kvinna i 50-åra.

No vil Leieboerforeningen i Bergen ha slutt på at huseigarar tek lova i eigne hender og kastar folk ut av bustadane sine.

- Råare og råare

Dei har den siste tida sett fleire døme på huseigarar som sjølv kastar leigetakarar ut av husvera sine.

- Mitt inntrykk er at det blir råare og råare, spesielt i tilfelle der leigetakarar ikkje klarer å betala for seg, fortel Stig Høisæther i Leieboerforeningen.

Huseigaren i Ytre Arna, som vedgår å ha sparka inn døra, ønskjer ikkje å kommentera saka.

Han har likevel eit heilt anna syn på episoden, og meiner han ikkje hadde noko anna val enn å ta seg inn i bustaden.

Frustrerte huseigarar

 

Stig Høisæther fra Leieboerforeningen
Foto: NRK

Høisæther i Leieboerforeningen ser saka på ein annan måte.

-  Eg ser ingen grunn til at dette sambuarparet blei kasta på gata. Etter å ha lese dokumentasjon er eg sikker på at huseigaren i dette tilfellet får det han har krav på, meiner Høisæther.

Anne Stine Hovland, som er dagleg leiar i Huseierforeningen i Bergen, kjenner ikkje til episoden frå Ytre Arna, og vil difor ikkje uttala seg spesifikt om denne saka.

Ho fortel likevel at mange utleigarar opplever at dei ikkje har så mykje dei skulle ha sagt.

- Lova er svært leigetakar-venleg, og ein del huseigarar er nok frustrerte. Likevel oppmodar me sjølvsagt folk om å ikkje kasta leigetakarane på gata, seier ho.

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås