Hopp til innhold

- Kan ruinera 70 personar

Bebuarane i Ladegårdsgaten risikerer å bli økonomisk ruinerte dersom dei tapar rettssaka mot Bergen kommune.

Ladegårdsgaten

Heine Askeland og dottera Mia viser nokre av sprekkene i muren i Ladegårdsgaten i Bergen. Nærare halvparten av bebuarane er evakuerte fordi husa er rasfarleg.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

3. juli i fjor måtte 70 bebuarar i Ladegårdsgaten i Sandviken i Bergen forlata heimane sine på kort varsel, fordi det var sprekker i grunnmuren som gjorde husa deira rasfarlege.

Bebuarane meiner kommunen har skuld i skaden på grunn av ein tunnel som er bygd i nærleiken. Dette vil ikkje Bergen kommune gå med på, og måndag møtast dei i retten.

LES OGSÅ: Nektar å dekkja utgiftene

- Tung tid

Mange av bebuarane har hamna i økonomisk uføre etter det som har skjedd. Eli Herud Sørensen fortel at ho ikkje lenger kan leva det livet ho ynskjer.

- Plutseleg føler eg at eg er tilbake til studentlivet igjen. Eg bur i eit lite husvære, har ikkje alle tinga mine, og eg kan ikkje leva det livet eg i utgangspunktet ville ha gjort. Eg er vaksen, tener pengar og skulle eigentleg ha ein ok økonomi, seier ho.

Sidan bebuarane vart evakuerte, har dei måtta betala dobbel husleige. Heine Askeland fortel til NTB at det har vore ei tøff tid.

- Tida som har gått, har vore ei enorm belastning. Me tenkjer på dette kvar dag. Det er lenge sidan me har hatt ein normal kvardag, seier han.

Askeland er skuffa over at Bergen kommune ikkje har gjort meir for å hjelpa.

- Kommunen har vore svært likegyldige. Det einaste tilbodet me fekk då me blei pålagt å flytta, var å gå på sosialen, seier Askeland.

Kan bli dyrt

No risikerer han og dei andre bebuarane å bli gjeldsslavar. Rehabilitering eller riving av bygarden er estimert til å kosta 100 millionar kroner. I tillegg må dei ved tap i retten betala saksomkostnadene sine og kommunen sine.

- Me står i fare for å tapa to millionar kroner kvar. Dersom me ikkje vinn i retten, reknar eg med at dei fleste som bur her går konkurs, seier Askeland til NTB.

Det er sett av 20 dagar i Bergen Tingrett til saka.

SJÅ OGSÅ: Bygningsingeniør Arve Smedvik i Bergen og Omegn Boligbyggelag (BOB) viser skadane i Ladegårdsgaten til Bergens Tidende.

Ladegårdsveien

Ladegårdsgaten 64 - 76 har fått setningsskader som vil kosta 100 millionar kroner å utbetra. Bebuarane meiner kommunen skal betala.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix