Hopp til innhold

- Kampviljen er berre sterkare

Ordførar i Radøy, Jon Askeland, vil halde fram å kjempe mot høgspentliner i fylket. Naturvernforbundet fryktar det er fritt fram for bygging.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger
Foto: NRK

Fredag kom meldinga om at regjeringa går inn for å byggje den kontroversielle kraftlina gjennom Hardanger. Avgjersla kan ikkje ankast. No fryktar naturforkjemparar og ordførarar i utsette kommunar at saka skal skape presedens.

Fryktar det er fritt fram

Fagsjef for naturforvalting i Den Norske Turistforening, Oddvin Lund, fryktar regjeringa vil seie ja til høgspentliner i andre kontroversielle saker.

- Det står fleire saker i kø no, og dette er konfliktfylte saker.

Nokre av dei kommande kampsakene er nye master frå Ørskog i Sogn og Fjordane til Fardal i Møre og Romsdal, mellom Balsfjord og Hammerfest i Finnmark OG - ikkje minst - mellom Mongstad og Kollsnes i Nordhordland.

- Kampviljen er sterkare enn nokon gong

Askeland er skuffa over avgjersla på vegne av folk i Hardanger, men seier dette skjerpar kamplysten i Nordhordland.

- Øygarden, Radøy, Austrheim og Lindås, me står på vårt og den kampen held fram, seier Akeland.

Òg hjå Naturvernforbundet varslar dei kamp.

- Me fryktar at dette kan skape presedens, men me skal gjere alt som står i vår makt for å hindre at dette vert eit presedensvedtak, seier Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.