I ein høyringsuttale konkluderer Norges Miljøvernforbund med at det bør kunne gjevast løyve til byggjing av gasskraftverk på Mongstad.
Konklusjon er stikk i strid med det Naturvernforbundet har kome fram til, skriv avisa Nordhordland.
Mindre utslepp
– Så langt vi kan sjå vil eit kraftvarmeverk generera mindre utslepp per energieining enn alternativ bruk av tilsvarande gassmengder, seier saksbehandlar hjå Norges Miljøvernforbund, Åge Simonsen.
Men han presiserer at det er visse føringar som ligg til grunn i høyringsuttalen.
– Det er forutsett at det tidlegare konsesjonsgitte gasskraftverket på Kollsnes ikkje blir realisert, seier Simonsen.
Gassrør ved Kollsnes i Hordaland. Foto: Hugo Pedersen/Scanpix.
Nei til mange gasskraftverk
Trass i at Miljøvernforbundet no seier ja til gasskraftverk på Mongstad er dei ikkje samde i vurderingane om behovet for gasskraftverk i Norge.
- Miljøvernforbundet meiner framleis at framtidas enegibehov kan dekkjast inn utan at det er naudsynt å byggja gasskraftverk, seier saksbehandlar Åge Simonsen i Norges Miljøvernforbund.
– Vi ønsker primært ein lågare utviklingstakt av gass- og oljeressursane, men innser at Norge er avghengig av utvinning av gass og olje, seier Simonsen.