NRK Meny
Normal

- Ikkje nok Helse Vest-pengar

Skeivfordelinga til helseregionane er retta opp, seier regjeringa, men det er langt frå nok, meiner både pasientar og legar.

Helse Vest fekk 150 millionar ekstra på statsbudsjettet til å rette opp den skeive fordelinga mellom sjukehusregionane.

Garantert tøffe tak

Styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, er glad for dei midlane som ligg inne på statsbudsjettet.

- Vi kan halde aktiviteten vår på det same nivå som vi har no, vi slepp å kutte.

Frøiland får ikkje stønad for sitt syn av overlegeforeninga på Haukeland sjukehus. Tillitsvald Kjell Vikenes trur ikkje dei 150 millionane vil rette opp den skeive fordelinga mellom helseregionane som heile Vestlandet har protestert mot i lang tid.

- Det er eit steg i rett retning, men det er ikkje nok. Vi meiner at dette på langt nær rettar opp den skeive fordelinga.

Vikenes trur ikkje det er nok friske pengar i dette budsjettet, han er sikker på at det er fleire magre år i vente for Helse Vest.

Rolf Einar Pedersen, kreftpasient
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

- Det vert garantert tøffe tak i 2007, 2008 og 2009, det veit vi allereie no.

- Pengane får ingenting å bety

Dei 150 millionane er eit stykkje på veg det regjeringa lova med omsyn til den skeive fordelinga mellom sjukehusregionane.

Likevel skal ei ny gransking avdekkje om skeivfordelinga er endå meir omfattande.

- Vi er veldig glade for at det no vert set ned eit utval som skal sjå nærare på det og finne fasiten på det spørsmålet, seier Vikenes.

Heller ikkje på pasientsida skapar regjeringa sitt statsbudsjett begeistring hos alle. Kreftpasient Rolf Einar Pedersen på Haukeland sjukehus meiner Kristin Halvorsen & co har vore smålege med sjukehusa på Vestlandet.

- Det er altfor lite, vi ligg så langt bak i leksa.

Pedersen trur ikkje pasientane vil merkje noko som helst til millionane Helse Vest er tiltenkt i statsbudsjettet.

- Eg trur ikkje dei får noko å seie, det er for lite.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.