Hopp til innhold

- Hurtigruta øydelegg søvnen din

- Eg sit oppe 24 timar i døgnet for å sjå Hurtigruten minutt for minutt. Dette er heilt fantastisk, seier Victor Johnsen.

Hurtigruten

Dei siste dagane har Victor Johnsen frå Borkenes i Sør-Troms sete benka framfor TV-en frå morgon til kveld.

- Det har ikkje blitt så mykje søvn, men eg kan bli litt trøytt og har duppa av når skipet er ute på sjøen, fortel han.

- Gjer deg søvnig

Ståle Pallesen

Søvnekspert Ståle Pallesen

Foto: Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer

Lyden av bølgjer som slår, kan verka søvndyssande. Det fortel psykolog og søvnekspert Ståle Pallesen.

- Det er klart at alle menneske blir trøytte av å sitja og sjå vatn som rører seg heile tida, fortel han.

Han fortel at mange søvnekspertar har vore opptekne av effektane av såkalla kvit støy, det vil seie jamne og monotome bakgrunnslydar.

- Det er godt mogeleg at ein del kan oppleva bølgjeskvulpinga frå Hurtigruta som søvndyssande, men det er ikkje gjort veldig gode vitenskaplege studier av det, fortel han.

Reporter Eirik Stokstad Brødholt har snakka med nokre som har god erfaring med bølgjer

- Blir meir vakne

Inger-Johanne Henriksen Serrano i Foreininga for søvnsjukdommer stadfestar at lyden av bølgjer kan verka roande og avslappande, men ho fryktar at folk missar søvnen på grunn av Hurtigruten minutt for minutt.

- Det er klart at når nokre sit i fem netter utan å sove skikkeleg, så kan dei nærma seg litt den kjensla folk med søvnvansker har. Det er nok mange som går rundt og ikkje er heilt på topp for tida, seier Henriksen Serrano.

Rating NRK2 16-19. juni

Sjølv om sjåartala går ned om nettene, viser rating frå NRK2 dei siste dagane at nokre fylgjer sendinga tidleg og seint.

Foto: NRK

Vil gjera det ein gong til

På Borkenes i Sør-Troms ser Victor Johnsen fram til å fylgja siste innspurt av Hurtigruten minutt for minutt.

- Eg vil sitja vaken og sjå resten av programmet, og eg håpar NRK gir det ut på DVD, slik at eg kan sjå reisa ein gong til, seier han og ler.

Onsdag klokka 09.45 legg MS «Nordnorge» til kai i Kirkenes etter 134 timar.

Bølger

Lyden av bølgjer kan verka søvndyssande, fortel søvnekspert.

Foto: Angus Lidstone

Blir du søvnig av å høyra lyden av bølgjeskulp på NRK2?