Hopp til innhold

- Mistanken mot kvinna styrka

Etter ein månad med etterforsking er politiet enno meir trygge på at den drapssikta kvinna knivstakk sin sambuar til døde.

Mann knivdrept i Storms gate på Møhlenpris

Det var 4. november at politiet rykka ut til Storms gate på Møhlenpris. Ein mann var stukke med kniv i ein leilegheit, og døde seinare på sjukehus av skadane. Den 41 år gamle sambuaren er sikta for forsettleg drap.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Vi meiner saka er styrka gjennom etterforskinga den siste månaden, seier politiadvokat Trond Eide til Bergensavisen.

Det var 4. november at ein 46 år gamal mann vart knivstukke i ein leilegheit i Storms gate på Møhlenpris. Same dag vart sambuaren, ei 41 år gamal kvinne arrestert og sikta for forsettleg drap.

Ber om seks veker varetekt

Den 41 år gamle kvinna har vore fengsla i fire veker sidan drapet 4. november. I morgon vil politiet be om seks nye veker i varetekt for kvinna. Ho nektar framleis straffskuld.

– Delar av etterforskinga har vore retta mot om det kan vere andre gjerningspersonar, men det er ingenting som er kome fram i avhøyr, rundspørjingar og av tekniske undersøkingar som underbygg at andre kan ha gjort seg skuldig i drapet, held Eide fram til avisa.

Kvinna har vore i fleire avhøyr, men stiller ikkje sjølv i fengslingsmøtet torsdag. Ifølge BA vil ho be om å bli sleppt fri.

Politiet har også gjort undersøkingar av knivar som låg i vatn i oppvaskkummen i leilegheita og meiner dei kan ha funne drapsvåpenet.