NRK Meny
Normal

– Klimaet er ikkje poenget for bransjen

Smart straummåling er eit viktig klimatiltak, seier regjeringa og nettselskapa. – Bransjen brukar klimaargument, men hensikta deira er å effektivisere drifta si, seier forskar.

Ingrid Foss Ballo montasje

STEMMER IKKJE OVEREINS: – Det er eit gap mellom kva politikarane snakkar om og kva bransjen snakkar om, seier Ingrid Foss Ballo ved Universitet i Bergen. Ho har forska på planane om smarte straummålarar.

Foto: Leif Rune Løland/Gard Brox Jenssen / NRK/montasje

– Det er eit gap mellom kva politikarane snakkar om og kva bransjen snakkar om, seier Ingrid Foss Ballo ved Universitet i Bergen. Ho har forska på planane om smarte straummålarar.

Styresmaktene har bestemt at nettselskapa i Norge skal montere smart straummåling i alle husstandar i landet innan fire år, noko som vil gje full oversikt over straumforbruket kvar time.

– Dette er eit klimatiltak. Forbrukarane får eit insentiv til å bruke straum meir effektivt og smartare, seier politisk rådgjevar Eldar Remi Holmen i Olje- og energidepartementet.

– Miljøaspektet har ikkje vore drivkrafta

– Vi kan dimensjonere nettet meir effektivt og bustadane kan bli meir effektive og produsere energi sjølv. Det er bra både for miljøet og klimaet, og ikkje minst for lommeboka, held Holmen fram.

Foss Ballo ved UiB seier bransjen internt ikkje snakkar om smart straumnett som eit klimatiltak.

– Miljøaspektet har ikkje vore drivkrafta bak kvifor ein rullar ut smartstraum-målarar. I bransjen er hensikta at folk skal bruka straum jamnare i løpet av døgnet, slår ho fast.

NRK skreiv torsdag om nettselskapa som vil gjera det dyrare å bruka straum i «rushtida».

– Ved å setje opp straumprisen ekstra mykje i dei tidene på døgnet der det er viktig å få forbruket ned, kan det få folk til å flytte forbruket sitt, sa programsjef for satsinga på smartstraum til 25 norske nettselskap, Hans-Terje Ylvisaker til NRK i går.

Meiner bransjen brukar falskt argument

Jamnare straumforbruk gjer at bransjen kan utsette ein del investeringar, fordi behovet for stor kapasitet blir mindre viss straumbruken blir mindre i «rushtida» morgon og ettermiddag.

– Folk i bransjen ler litt når eg snakkar med dei. Dei seier smart straummåling ikkje blir innført fordi det er eit miljøtiltak. Det er blitt sagt høgt fleire gonger: «vi må selje det inn til politikarane som eit miljøtiltak for å få det gjennomført».

– For bransjen handlar ikkje smarte straummålarar om miljø. Gapet mellom måla til bransjen og måla til regjeringa burde gjerast meir tydeleg, seier Foss Ballo.

– Straumnettet er avgjerande

Siri Hall Arnøy i miljøorganisasjonen Zero meiner derimot at optimal investering og effektiv drift i straumnettet nettopp er eit viktig klimatiltak.

– Å gjera straumnettet litt smartare er bra både for oss og for klimaet. Nullutsleppssamfunnet som vi skal vere kring år 2050 er eit samfunn der vi brukar meir straum. Straumnettet er avgjerande for å få til ein god klimapolitikk.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.