NRK Meny
Normal

- Håplaus tilnærming

Helsedirektøren meiner færre sjukehus aukar kvaliteten i helsetilbodet. - Men kva hjelper vel kvalitet, om me ikkje kjem fram i tide, spør lokalsjukehusforkjemparane.

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen vil ha færre sjukehus i Noreg.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Utspelet frå direktøren i Helsedirektoratet, Bjørn-Inge Larsen, vekker reaksjonar i distriktet.

Fredag gjekk han ut og sa at sjukehusstrukturen i Noreg går på helsa laus om han ikkje vert endra. Helsedirektøren vil ha færre sjukehus, fordi det vil styrka fagmiljøa ved dei største sjukehusa.

- Folk må forstå at trygge og gode helsetenester ikkje berre dreier seg om nærleik, men også om kvalitet, sa han til NRK.

HØYR KVA HELSEDIREKTØREN MEINER:

Vil vera trygge der dei er

Men i distrikta, der fleire no står i fare for å mista lokalsjukehus, kunne dei ikkje ha vore meir ueinige.

- Eg må ha hjelpen og tryggleiken der eg bur. Desse fagmiljøa vil vera så langt vekke, at eg kan risikera at eg døyr før eg kjem fram. Då hjelper det ikkje kor godt fagmiljøet er, seier regionkontakt i vest for Folkebevegelsen for lokalsykehusene, Nils Johan Ystanes.

Han reagerer på at helsedirektøren går ut og lagar "dommedagsprofetiar for lokalsjukehusa".

- Dette er ei håplaus tilnærming. Han bør heller prata om lokalsjukehusa sin plass i Nasjonal helseplan og kor viktig lokalsjukehusa er for norsk helsevesen, meiner Ystanes.

LES ALT: Dette er sjukehusstriden i Noreg

- Dramatisk kursskifte

Ordførar i Odda, Gard Folkvord, har engasjert seg sterkt i kampen for å få behalda lokalsjukehuset i Odda slik det er. For to veker sidan demonstrerte han saman med over 1000 andre framfor Stortinget i Oslo. No ser han med undring på utspelet frå helsedirektøren.

Gard Folkvord

Ordførar i Odda, Gard Folkvord.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

- Det ser ut til at dei planlegger eit helsevesen med store sjukehus i dei største byane i landet - og at det går utover sjukehusa i distrikta. Det er eit dramatisk kursskifte i politikken. Heilt frå krigen har lokalsjukehusa vore ein bærebjelke i samfunnet, meiner han.

I september i år vedtok styret i Helse Fonna å overføra delar av akuttilbodet ved lokalsjukehusa på Stord og i Odda til Haugesund og Bergen.

- Eg har nyleg sendt eit brev til helseministeren, der eg ber om at dette ikkje må skje før Nasjonal helseplan blir gjennomført. Så me får berre håpa, seier ordføraren.

- Viktig med nært tilbod

På Stord sit trebarnsmor Henriette Matre Hagenes. Ho har tidlegare kjempa for å få behalda fødetilbodet i kommunen, og ho har oppretta ei aksjonsgruppe for lokalsjukehuset med over 5000 medlemmar på Facebook.

- Som småbarnsmor veit eg kor viktig det er å ha eit fødetilbod nært. Og det er heilt håplaust om dei tar bort akuttberedskapen. Det er så mange trafikkulukker på Stord, og me har mange industriplassar. Eg er heilt sikker på at liv vil gå tapt om dei fjernar akutten, seier ho.

Sjukehuset på Stord

I september vedtok styret i Helse Fonna å overføra delar av akuttilbodet ved lokalsjukehuset på Stord til Haugesund.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2