Sjøforklaringa etter forliset til fraktebåten Steinfalk blir halden i Nordhordland heradsrett i Bergen tinghus i dag.
Vart åtvara
Den tidlegare eigaren av M/S "Steinfalk", Mons Valestrand og son hans var pr. telefon i kontakt med fraktebåten rundt klokka 9.30 ulykkeskvelden.
Under sjøforklaringa i dag forklarte Valestrand at dei åtvara mannskapet ombord mot å segla til Kollsnes, på grunn av det dårlege veret. Dei mange straumføringane i innseglinga kunne nemleg skapa store problem for båtar i slikt uver. Likevel fortsette altså M/S Steinfalk turen til Kollsnes.
Det er enno uvisst om mannskapet var godt kjende i seglingsleia på denne ruta mellom Ytre Arna og Kollsnes.
Fekk telefon
I fylgje forklaringa til maskinpassar og dekkmannskap Magne Eikanger, som jobba på M/S "Steinfalk" men som ikkje var med båten ulykkeskvelden, vart han oppringt av mannskapet om ettermiddagen den 13. desember. Dei lurte på om han var kjend på strekninga til Kollsnes. Eikanger svara nei og ba han heller kontakta ein annan sjømann. Dette skal og ha blitt gjort, og mannskapet fekk forklart ei eigna rute til Kollsnes.
Vanleg å segle om natta
Etter "Steinfalk"-forliset var det mykje snakk om korvidt fraktebåten hadde lov til å segla om natta med eit mannskap på berre tre personar. Cristen Fredrik Dale - dagleg leiar og medeigar i reiarlaget Alverstraum som eig M/S Steinfalk - forklarte i dag at båten ikkje segla ulovleg. Han viste til eit brev frå Sjøfartsdirektoratet om dette, og sa at det var heilt vanleg for "Steinfalk" å segla om natta.
Dei tre som var ombord under forliset utanfor Øygarden for ei veke sidan er framleis sakna.