NRK Meny
Normal

- For slappe kontrollar

Gravide på metadon nyttar andre narkotiske stoff utan å bli oppdaga.

Babyhand
Foto: Anette Berentsen / NRK

Fleire ekspertar meiner helsevesenet har for dårleg kontroll med gravide kvinner som går på metadon eller subutex.

Overlege Hallvard Reigstad ved barneklinikken på Haukeland sjukehus fortel at mange kvinner på metadon nyttar andre narkotiske stoff utan å bli oppdaga.

Blandinga kan få alvorlege konsekvensar for barnet.

- Åpenbart at kontrollane er for dårlege

I dag fortalte NRK Hordaland om ei studie frå Haukeland som viser at to av 15 metadonbarn døydde . Fleire av dei hadde òg alvorlege abstinensar etter fødselen. 8 av kvinnene dreiv med misbruk av andre stoff i tillegg til metadon.

- Det er åpenbart at dei gravide på metadon ikkje blir kontrollert godt nok, seier Reigstad til NRK Hordaland.

Video nsps_upload_2009_3_25_18_42_34_1650.jpg

Kjent problemstilling i Nygårdsparken

I Nygårdsparken i Bergen er dette ei kjent problemstilling. Ei kvinne NRK Hordaland snakka med i dag fortel at ho, som er rusmibrukar, måtte gå gjennom regelmessige kontrollar. Venninna, som gjekk på metadon, slapp mykje lettare unna, fortel kvinna:

- Venninna mi fekk behalda barnet sitt, og barnet låg sju månadar på nevrokirurgen med abstinenser etter fødselen.

- Eg derimot, fekk ikkje ta ei einaste pille. Eg fekk beskjed om at viss eg leverte ein urein prøve, så blei barnevernstenesta umiddelbart kontakta, og barnet blei tatt, fortel kvinna til NRK Hordaland i dag.

Fleire stortingspolitikarar i opposisjonen krev no at saka blir gjennomgått.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik