NRK Meny
Normal

- Eit svik frå Kystverket

Tidlegare fylkesordførar Gisle Handeland varslar kamp mot at det ikkje lenger fins eit oljeverndepot på Fedje.

I 2005 blei oljeverndepotet flytta frå Fedje til Florø. Nå varslar Handeland omkamp, og krev at oljevernberedskapen på Fedje blir styrka.

- Det er eit svik frå Kystverket, seier Handeland.

Handeland er gruppeleiar for Arbeidarpartiet på fylkestinget i Hordaland.

- Hjelpelause i augneblinken

- Sjølv om det er eit faktum at det som har skjedd med Server ikkje kunne ha blitt avverga med større lenser i natt, er det eit faktum at me hadde stått heilt hjelpelause mot oljeutsleppet  i augneblinken dersom vêret hadde vore betre, seier Handeland.

Nå seier Handeland at hellet til Kystverket er over, og at Kystverket må innsjå at dei har gjort feil.

Losbåt for Kystverket
Foto: Kystverket

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.