Hopp til innhold

- Éin dovask om dagen er for lite

Dei fleste skuletoalett blir berre vaska éin gong dagleg. Det er hovudregelen både i Bergen og andre kommunar. - For lite, seier reinhaldar.

Skoletoalett

EKLE DOAR: Desse bileta er tekne på Alvøen skole i Bergen. Mange elevar meiner toaletta er så ekle at dei vegrar seg for å bruke dei.

Foto: June Eriksen / Montasje: NRK

Denne veka melde NRK at mange born får forstoppelse fordi dei ikkje vil bruke ekle skuletoalett.

Ifølgje Edda Olafsdottir, som er avdelingsleiar ved Barneklinikken i Bergen fører dette til store helseproblem. Ho seier mange born kan risikere å få kroniske plagar fordi dei held seg heile dagen framfor å gå på do på skulen.

– Burde vaske oftare

Hovudregelen på mange skular er at toaletta berre blir vaska éin gong dagleg. Det er for lite, meiner reinhaldarar NRK har snakka med.

Heidi Breivik er reinhaldar ved Ervik skule på Askøy. Ho skulle gjerne vaska skuletoaletta oftare.

– I utgangspunktet blir toaletta vaska éin gong om dagen. Då ser dei sjeldan fine ut, seier reinhaldaren.

Sjekkar doane kvar time

Akam Nauzas

SJEKKAR KVAR TIME: Akam Nauzad jobbar på ein Esso-stasjon i Bergen, der blir doane sjekka kvar time, seier han.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Akam Nauzad jobbar på ein Esso-stasjon i Bergen. Han fortel at doane der blir vaska to til tre gonger om dagen.

– Vi sjekkar toaletta kvar einaste time. Me passar på at bosset er tømt, ser at det er nok papir og generelt at det ser greit ut, fortel Nauzad.

Meiner skuledoane er gode nok

Direktør Harald Blytt i Etat for Bygg og Eiendom meiner at toalettstandarden på skulane i Bergen generelt sett er veldig bra.

– Nokon avvik har vi jo, og det er beklageleg at elevar kjenner ubehag ved å gå på enkelte toalett, seier Blytt.