Hopp til innhold

- I ei perfekt verd skulle Nathan verken vore i media eller i retten

Utlendingsnemnda (UNE) er kritiske til mediemerksemda rundt sju år gamle Nathan Eshete. – Det er ei bortforklaring, meiner Aina Heldal Bøe.

Aina Heldal Bøe

REAGERER PÅ UTSPEL FRÅ UNE: Alternativet at Nathan vert tvangssendt til Etiopia er verre enn merksemda frå media, seier støtteperson til Eshete-familien, Aina Heldal Bøe.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Ho er Eshete-familiens støtteperson og reagerer på UNE som er kritiske til mediemerksemda rundt sjuåringen Nathan Eshete.

– I ei perfekt verd skulle Nathan verken ha vore i media eller i ei rettssak, seier Heldal Bøe til NRK.no.

Tysdag vann familien Eshete ein knusande dom i retten, der UNE sitt vedtak om å sende Nathan ut frå Norge vart kjent ugyldig av Oslo tingrett.

– Eit verre alternativ

UNE sa i går at dei er usamde i dommen frå tingretten, men at dei ikkje vil anka mellom anna fordi dei ikkje vil påføre Nathan Eshete ei ekstra påkjenning.

– Men alternativet at han skal tvangssendast til Etiopia der foreldra risikerer fengsel og han ikkje kan språket, det er eit verre alternativ, meiner Heldal Bøe.

– UNE burde sagt at det er det dei tek omsyn til og at det er årsaka til at dei ikkje ankar.

UNE-direktør Ingunn-Sofie Aursnes sa til NRK i går at det ville vore særs uheldig om det vart ein ny runde i lagmannsretten.

– Det ville vore uforsvarlig for guten. At han var så eksponert er til skade for han, slik vi vurderar det. Vi er svært kritiske til at små barn vert eksponert på denne måten, meiner ho.

Var førebudd på tap

Heldal Bøe har enno ikkje slept jubelen heilt laus etter sigeren i tingretten og nyhenda om at UNE ikkje vil anka avgjersla.

– Eg har vore så førebudd på at vi ikkje kom til å vinne. Så eg framleis inne i den tanken om at dette kunne bli ein kamp som ville vara i fleire år. Eg trur det ikkje før eg ser det skriftleg, ler Heldal Bøe.

– UNE må fatta ein avgjerd til, og når eg ser den svart på kvit, så skal eg sleppa jubelen heilt laus, avsluttar ho.