Hopp til innhold

Her nyttar dei musikk som terapi for dei eldre

Bergen Røde Kors sykehjem i Sandviken er ein av få sjukeheimar i landet som nyttar musikkterapi i eldreomsorgen. I dag fekk dei besøk av helseministeren og kommunalministeren.

Bergen Røde Kors sykehjem i Sandviken er ein av få sjukeheimar i landet som nyttar musikkterapi i eldreomsorgen. I dag fekk dei besøk av helseministeren og kommunalministeren.

FEKK BESØK: Bergen Røde Kors sjukeheim i Sandviken fekk besøk av helseministeren og kommunalministeren tysdag.

Knut Helge Simonsen og Jens Arne Skage er pårørande som begge har foreldre som får behandlinga på sjukeheimen i Sandviken.

– Eg har fått høyre frå dei at dei har fått eit betre liv etter at dei kom her. Det unner eg at fleire får oppleve, seier Simonsen.

– Medisinbruken drastisk redusert

Skage seier at han følte han vann i Lotto når det vart klart at mor hans fekk kome til sjukeheimen.

– For livskvaliteten hennar var ikkje bra. No føler eg at ho har høg livskvalitet og at humøret hennar er veldig bra, seier han og held fram:

– Medisinbruken er drastisk redusert. Ho har gått frå å vera ein storforbrukar til å bruka nesten ingenting.

(Saka held fram under biletet)

Musikkterapi på Bergen Røde Kors sykehjem

HEVA LIVSKVALITET: Navarsete og Støre deltok i musikkterapien, då dei vitja Bergen Røde Kors sjukeheim.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Imponerte helseministeren

Sidan 2001 har sjukeheimen i Sandviken i Bergen nytta musikkterapi i behandlinga av eldre med demens.

Både helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) og kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) var i dag på vitjing for å sjå musikkterapibehandlinga med eigne auge.

– Vi er her for å sei at vi vil ta dette med oss vidare, og gjere denne behandlinga tilgjengeleg i andre delar av landet, seier helseminister Jonas Gahr Støre.

For han var særs imponert over det han fekk sjå av behandlinga dei nyttar på sjukeheimen i Sandviken.

– Vi har sett musikk som eit bidrag til god pasientoppfølging, god omsorg og god behandling av menneske som treng behandling.

Han viser til resultat som syner at bruk av musikk i behandling av demente gjev ein nedgang i bruk av medisinar og at pasientane får auka trivsel.

– Det er tankevekkjande at musikk erstattar medisin. Det trur eg sender veldig mange bodskap. Vi har sett det her i dag, og vi har sett mykje glede. Det er oppløftande, seier ein begeistra Gahr Støre.

– Viktig å ha dagar med innhald

Også kommunalminister Liv Signe Navarsete var med for å sjå korleis musikk kan hjelpa eldre med demens til å få ein betre kvardag.

– Det er eit mål for meg at alle eldre skal kunne ha same trivsel som det me har møtt her inne i dag, seier ein engasjert kommunalminister.

Ho presiserer kor viktig det er at eldre får innhaldsrike dagar.

– Det handlar ikkje om å legge år til livet, men liv til åra. Her gjev dei uttrykk for at dei har livskvalitet og at dei gler seg til dagen, seier Navarsete.

– Full score

Saman med helseministeren vil ho vere med å få tilbodet ut til resten av landet.

– Det dei gjer her er viktig å spreie til resten av Kommune-Noreg. Me vil sjølvsagt vera med å finansiere ei trygg og god eldreomsorg, som tek omsyn til at eldre er individuelle og treng ulike tilbod, lovar Navarsete.

Gahr Støre seier at det å legge til rette for mangfald og kvalitet i eldreomsorga er noko han strevar etter.

– Her er det full score på det vi ynskjer å oppnå. Dette må vi få ut til alle, avsluttar helseministeren.

Om få dagar kjem han med ein stortingsmelding om korleis eldreomsorga skal bli i framtida.