Hopp til innhold

- Bybanen vil pressa vekk dei unge

Eigedomsmeklar Christer Vikebø trur bustadprisane rundt Bybanetrasèen vil bli for høge for unge som skal etablera seg.

Bybanen blir brukt aktivt i marknadsføringa av bustadar

Eigedomsmeklarane brukar Bybanen i marknadsføringa av bustadar.

Foto: NRK / finn.no

Bybanen i Bergen åpna 22.juni. Sidan har bergensarane gått mann av huse for å reisa med det nye kollektivtilbodet i byen.

Mannen i gata er ikkje den einaste som gledar seg over den nye attraksjonen, også eigedomsmeklarane utnyttar Bybanen for det han er verdt. finn.no er det over 80 annonsar med ordet "bybanen" i seg, og i svært mange står ordet i overskrifta.

- Høgare pris

Enderekkehus som ligg ved bybanen og som blei selt for 610.000 kroner over takst.

Magnus Helgesen kjøpte leiligheita på enden her for 610.000 kroner over takst.

Foto: Eiendomsmegler Vest

Ein av dei som har gitt litt ekstra for å bu nær Bybanen er Magnus Helgesen. Han og kjærasten har kjøpte ein rekkehusleilegheit til 610.000 kroner over takst på Landås sist fredag.

Helgesen er ikkje i tvil om at bybanen var med å bidra til at dei ga ekstra gass i den hektiske budrunden.

- Me fekk jo greia på at Bybanen var viktig for folk når me var på visning, Me er jo tilhengjarar av Bybanen, så me likte jo det, seier han til NRK Hordaland

- Bybanen vil pressa ut dei unge

Både i Privatmegleren og Eiendomsmegler Vest er dei einige om at prisane vil, og til og med kanskje allereie har stige, nå som Bybanen har byrja å gå.

- Nå når folk har sett at Bybanen fungerer og dei fleste er positive, så ønskjer folk å bu i nærleiken av Bybanen. Dei ser at for framtida så vil det vera lurt, og når dei skal selja bustaden sin igjen, så vil det vera attraktivt for nye kjøparar, seier Remi Hereide i Eiendomsmegler Vest.

Eigedomsmeklar Christer Vikebø

Eigedomsmeklar Christer Vikebø.

Foto: Privatmegleren

Christer Vikebø i Privatmegleren trur at det på sikt vil pressa vekk dei unge frå bustadmarknaden rundt bybanetrasèen.

- Dei som til sjuande og sist må ryka, er dei unge. Etterkvart som eit område bli populært område så aukar prisane, og for dei unge blir det vanskeleg å komma seg inn på marknaden, seier han.

Ventar seg prisar opp mot sentrumsnivå

Vikebø trur prisnivået rundt Bybanen vil nærma seg sentrumsnivå dei neste åra.

- I dag kostar ein grei treroms langs Bybanen for 2 millionar, i sentrum får du ein 2-roms. Eg trur dette vil jamna seg ut, seier han.