- Brann betyr ingenting

FC København-trenar Ståle Solbakken har ikkje kampen mot Brann særleg høgt på prioriteringslista.

Ståle Solbakken
Foto: Øyvor Bakke / NRK

Torsdag spelar Brann sin siste treningskamp før UEFA-cupkampane mot Everton. På motsett banehalvdel står FC København og trenar Ståle Solbakken.

Solbakken seier han vil kvila fleire av spelarane som spelte 2-2 mot Legia Warszawa, i danskane sin første treningskamp på La Manga.

Andre er borte på landslagsoppdrag.

- Me ønskjer sjølvsagt å vinna, men det er slett ikkje verdas undergang om me skulle tapa, seier FCK-trenaren dagen før Brann si generalprøve mot dei regjerande danske serievinnarane.

Medan kampen er Brann sin andre og siste treningskamp før dobbeltoppgjeret mot engelske Everton, er kampen berre ein av mange i oppkøyringa til København.

Det gjer at Solbakken trur kampen er viktigare for Mons Ivar Mjelde enn for han sjølv.

- Ikkje resultatmessig, men når det gjeld prestasjonar trur eg det er viktigare for dei å bygge tryggheit før kampane mot Everton, seier han.

For Mons Ivar Mjelde har kampen ein heilt annan prioritet. Brann-trenaren ser på kampen som meir enn ein vanleg treningskamp.

- Soleklart. Denne kampen er kjempeviktig. Eg håpar alle løftar seg eit hakk i høve til Helsingborg-kampen, for det treng me inn i mot kampane mot Everton, seier han til Nrkhordaland.no.

I motsetning til Solbakken, kjem han til å mønstre den beste startoppstillinga han har for handa, med unntak av keeper Håkon Opdal, som er på landslagssamling.

- Eg har danna meg eit bilete av kven som ligg an til å starta mot Everton, men det kan enno skje endringar, dersom nokon skulle imponera stort på trening, fortel Brann-trenaren.