Fylkesveterinæren seier at ingen kan utelukka at smitten er komen til Noreg, sjølv om han ikkje er påvist.
Mjølkebil-stogg?
Bjørn Thorson seier det blir vurdert å leggja restriksjonar på mjølkebilane. Førebels blir mjølkebilane desinfiserte når dei køyrer ut frå meieriet om morgonen, og når dei kjem att om kvelden. Det er førebels ikkje aktuelt å desinfisere dei mellom kvart gardsbesøk.
Uoversiktleg
- Dersom ein oppdagar munn- og klauvsjuke i Noreg kjem både mjølkebilar og slaktebilar til å stogge all trafikk, seier Thorson. Han legg til at så lenge situasjonen er uoversiktleg som no, bør bøndene vere forsiktige med å dra på besøk til kvarandre. Dei bør heller bruke e-post og telefon til å halde kontakten.
Smuglarkjøt farleg
Fylkesveterinæren åtvarar også om at smuglarkjøt kan spreie smitte. - Kjøtet kan kome inn i heimar og restaurantar,- restar kan bli gitt som grisemat, og så er sjukdomen spreidd, seier Thorson.