Miracle er vart fødd i mai

MIRAKELBARNET: Vesle Miracle vart fødd i mai.

Foto: arne sørenes / nrk

Evig advent

Ein augustdag i 2006 søkte Rosemary asyl i Noreg. Sidan har ho fødd tre jenter. Kvifor bur Rosemary og døtrene framleis på asylmottak etter snart ti år i landet?

KONGSVINGER (NRK) – Det er kjedeleg å berre sitje stille i ti år. Eg blir gal i hovudet!

Rosemary Kingsley Akoi (33) sit i ein svart skinnsofa med sju månader gamle Miracle på fanget. Den vesle leiligheta, som er ein del av Kongsvinger Statlige Mottak, ligg sentralt i sentrum av festningsbyen ved Glomma.

Ho stryk veslejenta over kinnet, prøver å roe den trøytte babyen. Utanfor dei nedtrekte persiennene skin ei bleik desembersol over rimete grantre. Akkurat no er dette "heime" for aleinemora og dei tre jentene hennar. Men vegen hit har vore lang, og heilt framme er dei ikkje. Ikkje enno.

Rosemary har budd ti år på asylmottak og fått tre barn i ventetida

VENTEROM: Rosemary bruker dagane på å vente. Det har ho gjort i snart ti år. VIDEO: Arne Sørenes/NRK.

Ti år på vent

Rosemary lever livet på vent, slik alle asylsøkjarar gjer mens dei ser fram til å få avklart søknadane sine.

MORGONGRY

DESEMBERMORGON: Vakkert lys i ventetida.

Foto: ARNE SØRENES

Men ulikt dei mange nyankomne som denne førjulsvinteren har fått rom i mellombels herberge rundt omkring i landet, har Rosemary opplevd mange norske adventstider tidlegare. Barnehagar har gått i Luciatog, adventslys har brunne ut, og julehøgtider har blitt feira. Ikkje ein, men ni gongar.

Nyttårsaftan 2015 blir den tiande Rosemary feirar på eit norsk asylmottak.

Ti år er lenge, er noko av det første ho seier til meg.

Lenge for meg, men eit heilt liv for jentene mine!

Ho fortel om dei to eldste, skulejentene på ni og sju år, som snakkar flytande norsk og som endeleg har funne seg til rette i Kongsvinger etter ein oppvekst på ulike mottak på Austlandet. Om eldstejenta som vart fødd på sjukehuset i Lillehammer like før jul i 2006, berre nokre månader etter at Rosemary søkte asyl i Noreg, og fekk plass på eit mottak i Gausdal. Niåringen Rosemary ikkje vil la meg treffe fordi ho blir så uroleg av stadige spørsmål om livet på vent som asylsøkjar.

jentene

JENTENE: Dei to eldste døtrene til Rosemary går i fjerde og andre klasse.

Foto: arne sørenes / nrk

Og ho snakkar lenge om jenta i midten som er to år yngre enn storesøstera. Ho som er full og liv og pågangsmot og stadig vinn pokalar i dansekonkurransane ho elskar å vere med på.

Den yngste, veslejenta med mirakelnamnet, døydde nesten i mors liv. Ein maidag i 2015 vart ho fødd, og viste seg å vere sprell levande likevel.

Tre jenter som har levd sine korte liv i Noreg, men som framleis ikkje har norske pass slike mine barn har. Enno er det uvisst kva for skjebne som ventar dei, om dei får endeleg opphald i landet dei er fødde og oppvaksne i.

Kvifor kan vi ikkje akseptere dei som norske? Er det mora sin feil?

Rosemary si historie

Ein dag heilt mot slutten av 1990-talet kom opprørssoldatar til landsbyen Voinjama i det østlege Liberia. Det vesle landet yttarst mot Atlanterhavet i vestafrika var inne i ein blodig fase i borgarkrigen som hadde herja både Liberia og nabolandet Sierra Leone store delar av tiåret. Bak det heile stod krigsherren og presidenten Charles Taylor.

Borgerkrig i Liberia

BORGARKRIGEN I LIBERIA: Ung soldat i kamp. Foto: NRK/ARKIV.

Tenåringen Rosemary såg unge gutar med kalasjnikov komme til garden ho budde på, og i tumultane som oppstod vart både mora og faren drepne. Rosemary vart tatt til fange og ført inn i skogen der ho og fleire andre jentar måtte lage mat til opprørarane.

Inne i skogen opplevde ho ting ho ikkje vil snakke om.

Etter seks dagar klarte Rosemary og nokre av dei andre jentene å rømme. Dei fekk hjelp av ein mann som tok dei over grensa til ein flyktningleir i Sierra Leone. Der budde ho i mange år under vanskelege tilhøve, før ein mystisk mann med norsk pass hjelpte henne med å reise til Noreg. Her møtte ho ved Politiets utlendingseining i Oslo onsdag 23. august 2006, og vart registrert med søknad om asyl dagen etter. Då var ho gravid i sjette månad.

Rosemary vil ikkje fortelje så mykje om tida før ho kom til Noreg. Ho seier at ho blir deprimert av å tenkje på alt som har skjedd, og at ho framleis ikkje veit kva framtida vil bringe.

Men ho gir meg tilgang til alle papira ho har samla etter ti år som asylsøkjar. Det er ikkje få dokument med stempel frå UNE eller UDI ho legg i den svarte skinnsofaen. Ei kjapp gjennomlesing gir meg svar på spørsmålet som har kverna i bakhovudet gjennom heile samtalen; kvifor bur ho framleis på asylmottak etter ti år?

Svaret er enkelt. Ho har ikkje blitt trudd.

Avslag og utvising

Eitt av dei største problema til Rosemary er at ho ikkje har papir som kan bevise kven ho er. Ho hadde med seg ein fødselsattest frå sjukehuset i Voinjama som ho etter eigen forklaring var tilbake og henta i heimlandet like før ho reiste til Noreg. Denne vart ikkje godkjend som gyldig identifikasjon då ho kom til Oslo.

Rosemary Kingsley Akoi

AVSLAG: Rosemary har fått fleire avslag på søknadane sine om asyl i Noreg. Men kvifor bur ho framleis på asylmottak då?

Foto: arne sørenes / nrk

Verre er det at ho ikkje har kunna gi truverdige opplysningar om språk, etnisitet og geografi i heimbyen Voinjama. I avslaget på søknaden om asyl datert 27. november 2007, legg Utlendingsdirektoratet (UDI) til grunn at forklaringa hennar til norske myndigheiter "om forhold av vesentlig betydning for å vurdere hennes identitet og hennes behov for beskyttelse er mangelfull og vag".

Med hjelp av advokat påklagar Rosemary avslaget, men får ikkje medhald.

I september 2008 blir ho mor for andre gong, og like før jul 2009 får ho endeleg avslag på asylsøknaden frå Utlendingsnemda (UNE). I avslaget slår UNE fast at Rosemary "ikke fyller vilkårene for å bli ansett som flyktning i henhold til utlendingsloven".

Likevel blir Rosemary og dei to små døtrene buande i asylmottak. Først i Kongsvinger, der den gravide Rosemary og eldstejenta kjem nokre månader før nummer to blir fødd. Då mottaket i Kongsvinger blir lagt ned i 2012, flyttar dei til mottak i Hobøl og seinare til Moss.

I september 2013 får Rosemary beskjed om at ho er utvist frå Noreg etter vedtak frå UDI grunna "grov overtredelse av utlendingslovens paragraf 66, bokstav a."

Men ho reiser ikkje frå landet, og ingen kjem for å kaste henne og barna hennar ut. I januar 2014 kjem den vesle familien tilbake til mottaket i Kongsvinger etter at det har starta opp igjen med ny drift. Her møter Rosemary ein mann frå Guinea, som etter kvart blir ein kjærast, og sidan far til vesle Miracle.

Lengeverande asylbarn

I desember 2015 bur Rosemary og barna hennar framleis på asylmottak i Noreg. Trass i utvisingsvedtak vart dei aldri sendt ut av landet. Noko avgjerande skjedde i mellomtida.

– Avtalen mellom regjeringa og støttepartia om asylbarna.

Kongsvinger Statlige Mottak

MOTTAKET: Kongsvinger Statlige Mottak

Foto: Arne Sørenes / nrk

Jon Ivar Bergersen snakkar på innpust og utpust mens han småjoggar mellom resepsjonen, kaffitraktaren og kontoret i administrasjonsbygget til Kongsvinger Statlige Mottak. Det er travle tider i asylbransjen, og Bergersen har ansvaret for drifta av Norsk Folkehjelp sitt mottak i byen.

Den avtalen skulle jo sikre at barn som hadde vore i landet i meir enn fire og eit halvt år skulle få saka si tatt opp att. Sikre at barn som har vore her lenge får saka si avklart, får busetting i kommune og kjem i gong med liva sine.

La oss gå litt tilbake i tid. Ved årsskiftet 2013/14 kom justisminister Anders Anundsen med nye retningslinjer som gjekk ut på at lengeverande asylbarn ikkje skulle prioriterast når politiet skulle sende asylsøkjarar med ulovleg opphald ut av Noreg.

KrF, V og avtalen om asylbarn

SAMARBEIDSPARTIA: KrF, Venstre, Høgre og Frp vart i desember 2014 samde om at barns beste skulle prioriterast over innvandringsregulerande hensyn når det gjeld barn som har vore her lenge. Dette biletet er tatt då partia var samde om at også sakene til barna som vart sendt ut etter 1. juli i fjor skal handsamast på nytt.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Denne informasjonen nådde imidlertid ikkje fram til politiet, og i desember i fjor vart det politisk rabalder då dette vart avslørt av Bergens Tidende. Støttepartia KrF og Venstre var i harnisk, og alt 5. desember hadde dei fått igjennom ei ny avtale med ein pressa justisminister:

I den nye forskrifta vart det slått fast at "barnets fortid og tilknytning til Norge skal tillegges større vekt enn i dag ved avveging mot innvandringsregulerende omsyn".

Ein nøgd KrF-leiar Knut Arild Hareide sa til NRK like etter at avtalen vart inngått at det var viktig for partiet å få på plass ei varig løysing for asylbarna som har vore her lenge.

– Å anslå nøyaktig kor mange fleire barn som får opphald, er ikkje mogleg. Men vi er trygge på at denne avtalen varetar omsynet til dei lengeverende barnas beste, sa KrF-leiaren.

jon ivar bergersen

MOTTAKSLEIAREN: Jon Ivar Bergersen er leiar for Norsk Folkehjelp sitt asylmottak i Kongsvinger.

Foto: arne sørenes / nrk

– Har dei sagt A, så får dei jaggu seie B også!

Mottaksleiar Bergersen har fått kaffi i kruset og snakkar seg varm mens han set seg ved eit overfylt skrivebord på eit knøttlite sjefskontor i brakkene til Norsk Folkehjelp i Kongsvinger. Han meiner at saka om Rosemary og barna hennar er eit døme på at politikarane ikkje held det dei lovar, og at den nye forskrifta ikkje fungerer etter intensjonen.

– Sjå på ungane til Rosemary, seier han. Etter ni år i Noreg bur dei framleis i mottak. Dei har ein verre situasjon no enn tidlegare, og kjem seg ikkje vidare i livet. Er det å vareta barnas beste?

Eg tar med meg spørsmålet til Bergersen, og ringer justisdepartementet. Ein av dei seks kommunikasjonsrådgjevarane i departementet svarar, men har ikkje tid til å snakke med meg. Han vil ringe meg tilbake, seier han, men gjer det aldri.

Eg sender mail både til han og samarbeidspartia bak asylbarnavtalen; KrF og Venstre, før eg igjen ringer tilbake til departementet.

– Det er førjulstid, seier kommunikasjonsrådgjevar nummer to. Folk har tatt ferie, og det kan ta litt tid. Men henvendelsen din er inne i systemet.

Ho lovar å komme tilbake til meg.

Eg ventar.

Førstemann til å svare er innvandringspolitisk talsmann i Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal. Han skriv at KrF ikkje kan kommentere einskildsaker. Likevel skriv han følgjande svar på spørsmålet mitt:

SPM: Er det slik du ser det til barnas beste å få midlertidig opphald og bli buande i asylmottak på ubestemt tid etter ti år i mottak?

SVAR: Nei, det høres ikke bra ut for noens vedkommene, men i alle fall ikke for barna.

Geir Toskedal i gangen på Stortinget

INNVANDRINGSTALSMANN: Geir Sigbjørn Toskedal er innvandringspolitisk talsmann i KrF.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

På spørsmål om KrF kjem til å engasjere seg ovanfor regjeringa for å finne ei løysing for denne familien og andre i tilsvarande situasjon, svarar Toskedal mellom anna dette:

Regjeringa skal legge fram en integreringsmelding til våren. Denne høsten har vi fått en ny situasjon som har gitt Norge nye utfordringer som angår oss alle. Jeg kan derfor bare ønske alle lykke til og sørge for at KrF vil bidra til at landet har en rettferdig, forutsigbar, men ikke minst human saksbehandling.

Eg får statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) på tråden. Han kan heller ikkje uttale seg om denne konkrete saka. Men seier at det er ei misforståing dersom nokon har forstått det slik at omsynet til barnets beste skal vege tyngre enn andre tilhøve ein må vurdere i slike saker.

Jøran Kallmyr

STATSSEKRETÆREN: Jøran Kallmyr (Frp) er statssekretær i Justisdepartementet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Barnets beste er eit grunnleggjande omsyn i vurderinga av ei opphaldssak. Men det er også mange andre omsyn som utlendingsmyndighetane må ta. Og det at personar som oppheld seg i Noreg skal ha avklart identitet, er veldig viktig. Viss ikkje har ikkje styresmaktene kontroll på kven som til ei kvar tid er i landet. Og det er svært viktig, ikkje minst av omsyn til tryggleiken til borgarane.

Mellombels opphald

Vatnet er kokt, babygrauten snart klar og mirakeljenta lagar utolmodige lydar i dei trygge armane til mor si. Dei to eldste jentene er framleis på skulen i det desemberdagen når sitt korte høgdepunkt. Innimellom trøyst og mating fortel Rosemary om brevet som kom i mai, berre nokre dagar etter at Miracle vart fødd.

– Jentene vart så glade! Særleg eldstejenta tok det inn over seg og forstod kva det betyr.

rosemary og baby

MOR OG BARN: Rosemary og Miracle på kjøkenet.

Foto: arne sørenes / nrk

Rosemary og jentene hadde fått saka si handsama på nytt. I brevet frå UNE datert 19. mai 2015 stod det at "En enstemmig nemnd mener at begge jentene har sterk tilknyting til Norge."

Etter ei heilskapsvurdering vart det konkludert med "at det er til de to eldste barnas beste å bli i Norge".

Rosemary og ungane hadde fått opphald i Noreg. Utvisingsvedtaket vart oppheva.

Men det var eit skår i gleda.

– Eg har ikkje fortalt det til jentene.

Rosemary stryk veslejenta over kinnet.

– Dei ville bli så lei seg.

For sjølv om utvisingsvedtaket er oppheva, er opphaldsløyvet ho og jentene har fått midlertidig og gjeld berre for eit år. I brevet frå UNE står det: "For at tillatelsen skal kunne danne grunnlag for permanent tillatelse ..., må klageren legge frem hjemlandets pass for seg og barna".

Rosemary er fortvila, og veit ikkje kva ho skal gjere. Barna har fått nytt håp, men sjølv synest ho at situasjonen er verre no enn då ho ikkje hadde opphald. For skal ho få tak i papir som kan dokumentere kven ho er, må ho tilbake til landet ho hevdar ho vaks opp i. Men at det finst papir der har ho lita tru på.

Det var krig i Liberia. Eg veit ikkje om eg vart registrert nokon annan stad enn på sjukhuset der eg vart fødd. Foreldra mine skaffa i alle fall aldri noko pass til meg.

Det kjem godlydar frå ei mett veslejente. Mens Rosemary fortel sovnar babyen på fanget.

– Og så er det dette med økonomi og tryggleik. Eg har ikkje pengar til å ta med tre ungar til Liberia på ubestemt tid. Det kostar for mykje, og er ikkje trygt.

– Ville du gjort det? spør ho og møter blikket mitt.

Og det er ein ting til. I eit brev datert 19. oktober 2015 skriv UDI at Rosemary og jentene er innvilga utlendingspass for ei enkeltreise til Liberia for å skaffe seg pass. I brevet står det at "utlendingspasset er kun gyldig for reise til Liberia", jf. utlendingsforskriften §12-6 femte ledd.

Ho er usikker på om passet også gjeld for returen. I tillegg er ho forvirra sidan det i sjølve passet ho har teke imot frå politiet står noko heilt anna:

"Valid for one journey only – All except: Liberia", står det.

– Betyr dette at passet gjeld for alle land, bortsett frå Liberia?

Rosemary ser spørjande på meg, men eg har ikkje svar.

Utlendingspasset

UTLENDINGSPASSET: Rosemary er forvirra og forstår ikkje kva dette eigentleg betyr.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Eg ringer UDI. Kommunikasjonsrådgjevar John Olav Kroken ber meg om å fylle ut eit skjema som Rosemary må skrive under på.

– Ho må oppheve tausheitsplikta før vi kan svare, forklarar han tolmodig.

Men eg vil gjerne ha svar på generelt grunnlag, og spør om eit utlendingspass også gjeld for returreisa? I tillegg lurer eg på om ein asylsøkjar kan reise til eit land når det står i passet at dette gjeld for alle land, berre ikkje det landet vedkommande må reise til?

Etter nokre timar kjem svaret på mail frå Kroken. Han svarar på vegner av UDI:

"Når det gis utlendingspass som «kun er gyldig for én enkeltreise», er det med det formål å fremskaffe hjemlandets pass, se utf § 12-6 (6). Reisen må da gå til det landet/hjemlandet hvor UDI mener det er mulig å skaffe til veie et pass.

Utlendingspasset gjelder også for retur til Norge, se utf § 12-6 (4). "

Eg ringer Utlendingsseksjonen, Politiet i Hedmark, som har utsteda passet. Politibetjent Sjur Korsvoldlien må sjekke med sjefen om han kan uttale seg til NRK. Når det er gjort ryddar han all tvil av vegen:

– Det stemmer det, seier han. Formuleringa i passet betyr at det gjeld for ei reise tur/retur til kva som helst land i verda, berre ikkje til Liberia.

Korsvoldlien seier at utan at han kjenner saka, så kan det tyde på at det her har skjedd ei feil i sakshandsaminga.

Uviss framtid

– Dette er helt håpløst!

Mottaksleiar Bergersen sukkar tungt mens han les seg gjennom ein kopi av brevet frå UDI. Han forstår ikkje kva UDI eigentleg forventar av Rosemary.

Kun til Liberia

VEDTAK: Faksimile av brevet frå UDI til Rosemary, datert 19.10.2015.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg har problem med å tolke det som står her. Når det står i brevet at passet kun er gyldig for reise til Liberia, mens det i sjølve passet står at det gjeld for alle land, unntatt Liberia ... Eg forstår godt at ho ikkje reiser. Det ville ikkje eg gjort heller.

Men det som er verre, meiner Bergersen, er at vedtaket om midlertidig opphald fører til at barna framleis manglar føreseielegheit i liva sine. For utan varig opphald kan ikkje familien bli busett i ein kommune. Dei må derimot bli buande i mottak på ubestemt tid. Han forstår ikkje kvifor Rosemary og andre i same situasjon ikkje kan få varig opphald dersom det er vurdert som barnas beste å bli verande i landet.

Det kan aldri vere til barnas beste å bli buande her på mottaket. Tvert i mot er det til barnas verste! Det å bu på eit mottak er ei belastning for alle, særleg når ein har budd slik i snart ti år. Ein må fullføre prosessane og bli ferdig med sakene. Hugs at det menneske det er snakk om her.

Bergersen viser til at dei fleste mottak driv på kortsiktige kontraktar, og kan derfor bli nedlagt på kort varsel. Han meiner at dette ikkje gir barn tryggleiken dei treng i kvardagen.

Og det var vel heile poenget med asylbarnforliket, var det ikkje? Å skape varige rammer rundt barna?

listhaug

ANSVARLEG: Sylvi Listhaug (Frp) t.v. er ny innvandrings- og integreringsminister. Ho har overtatt hovudansvaret for situasjonen til m.a. dei lengeverande asylbarna frå justisminister Anders Anundsen og barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Statssekretær Jøran Kallmyr i Justisdepartementet er ikkje einig. Han seier at formålet ved asylforliket aldri har vore å gje barn av foreldre som ikkje har avklart identiteten sin opphald i Noreg.

Asylforliket handla om barn av foreldre som har fått avklart sin identitet. At dei skal få varige opphald i Noreg. Vi kan ikkje fire på reglane for dei utan identitet, for då vil det komme langt fleire til landet utan identitet.

– Så i denne type saker er innvandringsregulerande omsyn viktigare enn omsynet til barnets beste?

Ja. For dersom vi ikkje har strenge reglar for dette, vil det komme mange fleire til Noreg som vil oppta kapasiteten vi treng for å ta i mot dei som verkeleg treng beskyttelse. Det er ein politikk vi er nøydde til å halde fast på. Det er svært viktig.

Jul. Igjen

I leilegheita i Kongsvinger byrjar det å bli mørkt. Den korte adventsdagen er i ferd med å gi tapt for natta. Sjuåringen er tilbake frå skulen, og fortel med glade augo om ein fin dag i lag med vennene i klassa. Snart skal julefreden senke seg over landet, og ei mor skal for tiande gong stelle til jul på asylmottaket for seg og barna sine.

For Rosemary kjem ikkje til å reise til Liberia for å skaffe identitetspapir til seg og døtrene.

–Det er ikkje mogleg, seier ho igjen. Korkje praktisk eller økonomisk.

I staden lurer ho på kva som skjer om eit knapt år, når det mellombels opphaldsløyvet skal vurderast på nytt. På kva som blir vurdert som "barnas beste" då?

– Vil tilknytinga jentene har til Noreg bli mindre i løpet av eitt år til, spør ho? Etter nok eitt år på skulen i Kongsvinger?

For dei fleste av oss går advent over i jul og eit nytt år med nye utfordringar. For nokre få varer ventetida evig.

Evig advent

UVITANDE: Førebels søv vesle Miracle uvitande om situasjonen ho er i.

Foto: arne sørenes / nrk