Kultursjefen

MED BLIKK FOR LITTERATUR: Olav Brostrup Müller er kultursjef i Lillehammer og fagleg ansvarleg for oppfølginga av UNESCO litteraturbystatusen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / nrk

Kan bøker bli gull for OL-byen?

Lillehammer jublar over å ha blitt «UNESCO city of literature». Korleis skal OL-byen ved Mjøsa fylle rolla som FN-litteraturby i verdsklasse?

Klokka 17:45, tirsdag 31. oktober. Den nye kultursjefen i Lillehammer, journalisten, forfattaren og skribenten Olav Brostrup Müller, legg denne meldinga ut på Facebook:

Vi har akkurat mottatt beskjeden fra UNESCO-hovedkvarteret i Paris: Lillehammer er tatt opp i Creative Cities-nettverket som Internasjonal litteraturby. Skjelver over hele kroppen her nå. DÆVEN STEIKE SÅ ARTIG!!"

Klokka 17:51 blir den første nyhetsartikkelen publisert på GD.no

I Kulturhuset Banken står jubelen i taket. Kulturfolk frå heile Oppland er samla til årskonferanse i regi av fylkeskommunen.

Andre stader i byen kikkar folk forventingsfullt opp i lufta mens dei nynnar «her kommer vintern» for seg sjølv. Den første snøen kom nokre dagar tidlegare, og meir er i vente. Frå garasjar og kjellerboder over heile byen spreier det seg ein umiskjenneleg eim av fluor.

Klokka 17:57 er kultursjef Müller på Facebook igjen:

Breaking news: Lillehammer er nå Internasjonal UNESCO-by innenfor Litteratur. Jeg tror ikke jeg har vært så stolt siden februar 1994!

OL-byen

Dei magiske februardagane under OL for snart 24 år sidan er framleis det evige referansepunktet i Lillehammer. Det er ikkje litteraturen, men idretten som til no har vore byens viktigaste identitetsmerke. «The best games ever» gjorde nasjonen stolt, og lillehamringane var sprekkeferdige i årevis etterpå.

Kultursjef Olav Brostrup Müller sjølv har omtalt heimbyen som «Swix City». I boka «Kjedet enebolig» frå 2014 spør Müller, som då nyleg hadde flytta tilbake til barndomsbyen frå eit liv som journalist og skribent i Oslo, kva det er med folk i Lillehammer som får dei til iføre seg det han kallar «en eneste stor mental løpetights»:

«Frykten for døden? Frykten for å ikke imponere sjefen? Uttalte krav fra svigerfamilien? Er det noe i drikkevannet?»

Klart er det i allefall at idretten, arrangementskompetansen og ikkje minst treningskulturen står sterkt i den gamle OL-byen der både ordførar Espen Granberg Johnsen og store delar av kommunestyret drøymer om eit nytt OL:

– Vi har førebudd oss på ein måte som gjer at det er mogleg for oss å svare ja den dagen Noreg bed oss om å søkje OL, seier Granberg Johnsen.

Men kor klare er Lillehammer for å bli ein av dei fremste litteraturbyane i verda?

Espen Granberg Johnsen

SER MOT STJERNENE: Ordførar Espen Granberg Johnsen (Ap) i Lillehammer er klar for å søkje om OL så fort idretten bed han om det.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / nrk

Litteraturbyen Lillehammer

Den årlege litteraturfestivalen i Lillehammer er blitt størst i Norden, og eit naturleg utgongspunkt når dølabyen no skal slå seg på brystet og kalle seg internasjonal litteraturby. Ei veke i mai kvart år deltek 25 000 besøkjande og 400 forfattarar på litterære møter i byen.

Kultursjef Brostrup Müller føler at han svevar på toppen av ei bølgje av velvilje og begeistring etter at UNESCO-utnemninga vart kjend. Han har fått blomar på døra og blir gratulert kor han går, også når den tidlegare forlagsredaktøren innimellom vitjar litterære salongar i hovudstaden.

For no kan OL-byen ved Mjøsa også smykke seg med tittelen UNESCO-litteraturby saman med 27 andre byar verda rundt. Dei fleste storbyar som Milano, Manchester, Barcelona og Seattle. Frå Norden er kun Reykjavik med frå før, og Lillehammer med sine 27 000 innbyggjarar er ein av dei aller minste i selskapet.

Ordførar Granberg Johnsen er stolt av den nye merkelappen han no kan henge på bystatusen:

– Det er ei veldig anerkjenning av dei litterære institusjonane vi alt har i byen og til det arbeidet dei har gjort over mange år.

Kronprinsesse Mette-Marit på Lillehammer litteraturfestival

LITTERÆRT PÅ LILLEHAMMER: Publikum strøymer til litteraturfestivalen på Lillehammer. Her kronprinsesse Mette-Marit saman med festivalsjef Marit Borkenhagen og ordførar Espen Granberg Johnsen i 2015.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det er først og fremst litteraturfestivalen og forfattarheimane til Bjørnstjerne Bjørnson og Sigrid Undset, som begge ligg i eller ved Lillehammer, ordføraren tenkjer på. Begge er tiltenkt viktige roller i litteraturbyen.

Men den viktigaste ambisjonen , fortel kultursjef Olav Brostrup Müller, er å sørgje for at både politikarar og innbyggjarar forstår at kultur kanskje er det viktigaste limet eit samfunn eller ein kommune har for å kunne bli eit felleskap. Han meiner kultur ikkje er ein liten ting ein berre skal ta seg råd til når alle dei andre rekningane er betalt.

– Vår oppgave er å føre folk saman, seier Müller, og gje folk ei kjensle av at dei høyrer til her.

Slik kan litteraturbyen bli eit verktøy for byutvikling, meiner kultursjefen, dersom dei lokale politikarane forstår kva dei har fått mellom hendene. For også ein litteraturby har ei kostnadside, og det føl ingen pengar med FN-statusen frå UNESCO-hovudkvarteret i Paris. Kun heider og ære.

Men førebels er signala veldig gode, fortel Brostrup Müller. Men legg til:

– Det er jo ein øvelse å få bevilgande myndigheiter til å skjønne at det kostar noko også, dersom ein skal satse.

Dette vil Lillehammer gjere:

Førebels avventar både politikarane og kultursjefen det første styringsmøte i litteraturbyen Lillehammer. Det møtet blir ganske avgjerande for vegen vidare, fortel Brostrup Müller, både med tanke på kven ein kan få inn som koordinator for prosjektet, og korleis ein kan byggje samarbeidet mellom dei ulike institusjonane som er med. For sjølv om kommunen førebels har handa på rattet, har sterke institusjonar som Litteraturfestivalen, Nansenskulen og Lillehammer Museum med fleire forplikta seg til å bidra:

– Det er sterke institusjonar som står bak søknaden til UNESCO, og målet må vere å knytte desse endå tettare saman, seier Olav Brostrup Müller.

Enno er det altså mykje som er uklart, men om ein ser nærare på sjølve søknaden, så har denne klare ambisjonar for kva litteraturbystatusen kan bety for Lillehammer.

I følgje søknaden skal statusen bidra til at Lillehammer:

  • Styrkjer byen som ein attraktiv stad å bu, og trekkjer til seg fleire innbyggarar med høgare utdanning.
  • Styrkjer dei kreative miljøa i byen.
  • Viderereutviklar initiativ for å styrke Lillehammer sin posisjon som global orientert småby.

Vidare forpliktar Lillehammer seg til:

  • At kunst/kultur (litteratur) skal vere den viktigaste faktoren for byens urbane utvikling, sentrert rundt eit styrka Litteraturhus.
  • Ta vare på Storgata som levande bysentrum.
  • Lønne ei stilling som UNESCO-koordinator (lønn, reiser, sosiale og administrative kostnader) på kr 930.000,-
  • Delta aktivt i UNESCO sitt kreative nettverk og delta på årlege samlingar for alle deltakarbyane.

– Det ligg nokre forpliktelsar her, seier Brostrup Müller, men signala eg plukkar opp frå politikarane er veldig positive.

Slik han opplever det er det stor vilje hos dei som styrer byen til satse for å få til konkrete «ting», som han seier. Ikkje berre for å profilere byen, men også for gjere byen til ein meir interessant stad å bu.

– Og det må jo vere målet!

Bokhandlaren i Heidelberg

Nettopp satsing på litteratur, eller rettare sagt mangel på satsing, har fått ein prisvinnande bokhandlar i den tyske UNESCO-byen Heidelberg til å reagere:

– Det er ingen stader i byen det er synleg at Heidelberg faktisk er ein UNESCO-litteraturby, seier han.

Frå den vesle bokhandelen «Arte Liberales», sentralt plassert på Kornmarkt midt i gamlebyen, føl Clemens Bellut med på det meste som skjer i byen som vart UNESCO-litteraturby i 2014. Problemet er at det etter hans meining skjer alt for lite.

– Eg trur at mange av innbyggjarane her i byen ikkje veit noko som helst om dette.

Clemens Bellut

BOKHANDLAREN I HEIDELBERG: Clemens Bellut er kritisk til korleis byen bruker statusen som UNESCO-litteraturby.

Foto: arne sørenes / nrk

Bellut, som i 2015 vann den tyske bokhandlarprisen, har i lokale medier tatt til orde for at Heidelberg bør levere statusen som litteraturby tilbake til UNESCO. Han meiner at det vil vere mindre pinleg for byen, enn at FN-organisasjonen før eller sidan krev den tilbake fordi Heidelberg ikkje oppfyller det byen, etter hans meining, har forplikta seg til; nemleg å bli det Bellut kallar ein «ekte litteraturby». I det legg han at litteraturen i større grad må bli synleg i bybiletet, og at litteratur blir prioritert som det viktigaste kulturpolitiske verkemiddelet for å utvikle byen.

Og Bellut meiner alvor. Han synest bystyret har alt for små ambisjonar på vegne av litteraturen, og at dei brukar for lite pengar på litteratur. I sterke ordelag hevdar han at politikarane i Heidelberg rett og slett ikkje er interessert i å fylle litteraturbyen med innhald, men at UNESCO-statusen først og fremst blir brukt som eit smykke for dei leiande politikarane og kulturbyråkratane:

– Eg kunne ikkje tru det då eg oppdaga at det berre vart løyvd 100 000 euro i året (rundt 1 million norske kroner red.mrk) til UNESCO-prosjektet. Sidan vi først har gått til det skritt å søkje om å få denne statusen, så pliktar vi å vise at vi faktis vil vere ein ekte litteraturby. Ikkje berre i namnet, men også i praksis.

For at det skal skje, meiner Bellut, må det meir pengar til. Han vil at byen skal ta større grep for å involvere innbyggjarane og skape litterære hendingar som involverer alle.

– Ellers er vi ikkje ein ekte litteraturby, meiner han.

arte & liberales

LITTERÆR UTSIKT: Frå bokhandelen ser Clemens Bellut rett ut på Kornmarkt; eitt av dei sentrale torga i gamlebyen i Heidelberg.

Foto: arne sørenes / nrk

Pengar er ikkje alt

Andrea Edel er prosjektleiar for UNESCO-litteraturby i Heidelberg. Saman med to medarbeidarar har ho kontor i eit loftslokale med inngong frå ein bortgøymd bakgard i Haspelgasse 12, berre nokre få hundre meter unna bokhandelen til Bellut. Eit anonymt skilt mot gata fortel at her held delar av den kommunale kulturadministrasjonen til. Ingenting varslar om at Heidelberg er ein litteraturby med status frå UNESCO.

Andrea Edel

LITTERATURLEIAREN: Andrea Edel er leiar for UNESCO-litteraturbyen i Heidelberg.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi er framleis langt unna at alle i byen veit at vi er ein UNESCO-litteraturby, men dette er noko vi jobbar med heile tida, seier Andrea Edel.

Edel seier at ho forstår ropet om meir pengar til litteratur frå Clemens Bellut og andre som meiner at byen gjer for lite. Noko av problemet, fortel ho, er at kultur fort havnar ned på prioteringslista til politikarane. Og også innan sjølve kulturfeltet er det eit hierarki der litteraturen ligg ganske langt nede.

– Musikk og teater får mykje meir merksemd, seier Edel, også i litteraturbyen.

Men ho meiner at pengar ikkje er alt, og at ein i allefall i startfasen ikkje treng så mange midlar for å komme i gong.

– Det er det internasjonale nettverket vi har tilgong til som verkeleg er det fantastiske med å vere UNESCO-by, seier Edel.

Heidelberg

GAMMAL KULTUR: Altstadt i Heidelberg, eller gamlebyen, har røter tilbake til 700-talet. Biletet er tatt frå kyrkjetårnet midt i byen og viser bygningar nord- og austover mot elva Neckar.

Foto: arne sørenes / nrk

Politikk og litteratur

På eit noko romslegare kontor på rådhuset sentralt plassert på Marktplatz midt i gamlebyen sit den politisk ansvarlege for litteraturbysatsinga i Heidelberg. Borgarmeisteren for familie, sosial og kultur, Dr. Joachim Gerner frå det sosialdemokratiske partiet SPD, nærast fnys når han får høyre kritikken frå Clemens Bellut om at byen ikkje brukar nok pengar på litteraturbysatsinga.

– Sjølvsagt har Herr Bellut rett, seier Dr. Gerner lettare ironisk. Vi kan alltid bruker meir pengar på alt. Men i politikken er det avgrensingar, og det eine må vegast opp i mot det andre.

Kulturborgermeisteren har meir tru på ei pragmatisk tilnærming der ein byggjer stein for stein og prøver å få til noko som kan bli varig over tid. Utan å konkretisere dette «noko» nærare.

Litteraturby Heidelberg

PÅ BÜRGERMEISTERKONTORET: Dr. Joachim Gerner (t.h) er borgemeister for familie, sosial og kultur. Her blir han briefa om siste utvikling i arbeidet med litteraturbyen av prosjektmedarbeiar Philiph Koban.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Tilbake i bokhandelen på Kornmarkt kan ikkje Clemens Bellut anna enn å flire over politikerspråket. Han meiner Heidelberg alt har forplikta seg til å bruke langt meir pengar på litteratur, i og med at byen på eit tidspunkt faktisk søkte om å få litteraturbystatusen.

Han har lenge etterlyst ein offentleg debatt om kva byen faktisk vil med litteraturbystatusen, anna enn å hauste heider og ære i internasjonale fora.

– Den debatten har vi ikkje tatt enno, tre og eit halvt år etter at vi blei tildelt UNESCO-statusen. Då kan vi like godt levere heile statusen tilbake, meinar han.

Kultur som byutvikling

Trua på kultur som drivkraft for byutvikling tok for alvor av etter at den amerikanske professoren Richard Florida gav ut bestselgjaren «The Rise of the Creative Class» i 2002. Sterkt forenkla meiner Florida at det er dei kreative klassane, altså arbeidstakarar innan kreative yrke som media, design og kunst, i tillegg til kunnskapsbaserte fagområder som vitskap, utdanning, data- og ingeniørfag, som har framtida føre seg. Det er her veksten i økonomien skjer, skreiv Florida i 2002, og det er om å gjere for byar som vil bli vinnarar i framtida å tiltrekkje seg desse gruppene. For å greie dette, må byane satse på kunst og kultur. Den «kreative klassa» er nemleg høgare utdanna enn arbeiderklassa, og i større grad opptatt av kulturelle tilbod i nærmiljøet.

Norske kommunar var raske med å ta affære, og mange satsa umiddelbart meir på kultur. Frå 2003 til 2008 vart den norske kommunale pengebruken til kulturføremål dobla.

Også i Lillehammer er kultur eit satsingsområde, og kommunen har i fleire år brukt ein større del av budsjettet sitt på kultur enn gjennomsnittet av norske kommunar. I fleire år på rad har byen vore høgt oppe på Telemarkforskning sin årlege kulturindeks, som måler kultursatsinga i norske kommunar ut frå ei rekkje ulike kriterier.

Lillehammer utsikt

KULTUREN I NATUREN: Lillehammer ligg der Gudbrandsdalen møter Mjøsa. Med sine 27 000 inbyggjarar har byen som uttalt mål å bli kjent internasjonalt som kultur- og idrettsby.

Foto: Lars Erik Skrefsrud, NRK

– Det som er interessant med UNESCO-søknaden til Lillehammer, er at den også er eit byutviklingsprogram, seier kultursjef Olav Brostrup Müller.

Ny kulturstrategi fram mot 2027 kom på plass i 2014. Visjonen i denne er at Lillehammer både nasjonalt og internasjonalt skal vere kjent som kultur- og idrettsby.

I den rekkefølga.

Strategien slår fast at kultur skal vere eit fundament i utviklinga av Lillehammer.

– Slik kan kultur bli ein av bærebjelkane i utviklinga av byen, og denne ambisjonen trur eg UNESCO har lagt merke til, seier Müller.

Litteratur-, OL- eller juleby?

Tilbake i Storgata i Lillehammer. Ordførar Espen Granberg Johnsen sit i ein hesteslede saman med glade barn på stolt kanefart gjennom ein julepynta by. Det er den siste kvelden i november, og Granberg Johnsen er på veg til Stortorget der han skal slå to fluger i ein smekk; nemleg å opne verdscuparrangementet i nordiske greiner og julegata på same tid. Maiken Caspersen Falla skal opp på ei scene saman med ordføraren og julenissen. Idrettsbyen og julebyen er to sider av same sak.

For i Lillehammer har turismen i desember auka med over seksti prosent på få år. No vil næringsdrivande i byen at Lillehammer tar posisjonen som Julebyen i Norden.

Med stor J.

Julegateåpning i Lillehammer gågata. Jul julegate

JULEBYEN: Ordførar Espen Granberg Johnsen og julenissen på veg for å opne «Julebyen Lillehammer».

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ein strålande idè, meiner ordførar Espen Granberg Johnsen. Han trur ikkje at dei ulike posisjonane byen har eller prøver å ta er i konflikt med kvarandre:

–Nei, det trur eg ikkje, for både OL-byen, litteraturbyen og julebyen er med på understreket det overordna målet; nemleg at Lillehammer er ein by for opplevingar og arrangement. Ein by der folk skal føle seg velkomne når dei er på besøk.

Men førebels sit dei kommunale kronene lausare til idrettsbyen enn til litteraturbyen. Litt seinare same kveld løyver nemleg ordføraren og resten av kommunestyret i Lillehammer fem millionar ekstra kroner til selskapet Lillehammer Olympiapark for å berge økonomien ut 2017. Selskapet, som er eigd av kommunen, har hatt økonomiske vanskar etter at det statlege etterbruksfondet som vart oppretta etter OL i 1994 gjekk tomt i 2014. I år har kommunen brukt totalt 12,5 millionar kroner på selskapet.

– Det er ikkje nødvendigvis sånn at ein må velgje mellom idrett og kultur, seier kultursjef Olav Brostrup Müller, som synest problemstillinga er litt søkt.

Han viser til at litteraturfestivalen i Lillehammer nettopp såg dagens lys i 1995 som ein konsekvens av OL året før. Og då ungdoms-OL vart arrangert i 2016 fekk byen eit kulturprogram til 13 millionar kroner nærast rett i fanget

– Så det er mogleg å gjere begge delar.

Reell satsing på litteratur?

I den nye kommunale økonomiplanen for dei neste fire åra blir ikkje UNESCO-litteraturbyen nemd med eit ord, og kultursjefen har heller ikkje full oversikt over kor mange kroner litteraturbysatsinga rår over. Ordførar Espen Granberg Johnsen har i allefall ikkje tenkt å bruke mange midlar ut over dei 930 000 kronene kommunen har forpikta seg til å bruke gjennom søknaden:

– No i startfasen har vi ikkje noko krav på oss til å bruke noko særleg med midlar på UNESCO-statusen, anna enn til arbeidsinnsats, seier ordførar Granberg Johnsen. Samstundes bruker vi jo alt mykje pengar på institusjonar som bibliotek, litteraturfestival og litteraturhus. Sånn sett har vi alt ei betydeleg satsing på litteratur i Lillehammer kommune. Og det skal vi halde fram med.

Ordføraren meiner at statusen som UNESCO-by kun forpliktar byen til å vere aktiv og deltakande i det internasjonale nettverket, og stille opp med dei miljøa og arbeidsressursane byen alt har.

–Og det kostar litt pengar, men det er pengar som vi i stor grad bruker likevel.

Biblioteket i Lillehammer

NAVET: Det kombinerte biblioteket og litteraturhuset skal bli navet i litteraturbyen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Verdas mest kjende norske småby

Olav Brostrup Müller er opptatt av litteraturby ikkje er noko ein er, men noko ein blir:

– Akkurat no er Lillehammer verdas mest kjende norske småby. Ein by der forteljingar og dialog, fredsarbeid, kunst og idrett har stått sterkt heilt sidan 1870-talet.

Dette er identiteten kultursjefen tar utgongspunkt i. Ein nordisk måte å leve på der ein forheld seg aktivt til naturen, men samstundes tar inn over seg verda utanafor. Så får ein jobbe gradvis for å gjere seg fortjent til status som verdsleiande litteraturby.

– Det som er viktig for meg er at Lillehammer har fått ei form for sertifisering frå ein av dei mest anerkjende organisasjonane i verda. Det er ein billett inn i eit nettverk der det blir utveksla erfaringar, og der vi får vere med.

Han er oppriktig stolt av byen sin, og gler seg til det som skal komme. No er det om å gjere å samle alle gode krefter for fylle litteraturbyen med innhald. Brostrup Müller meiner satsinga er eit nasjonalt anliggande, og håpar også Stortinget kjenner si besøkelsestid i forhold til å løyve midlar.

Men aller viktigast blir det å innvolvere dei 27 000 lillehamringane, meiner Müller, slik at alle i byen kan få eit sterkare eigarskap til UNESCO-statusen enn tilfellet ser ut til å vere i Heidelberg:

– Dersom litteraturbyen blir eit randsonefenomen for meg og eit par andre som likar å drikke rødvin på hagefestar, så har vi mislukkast. Men litteratur er ikkje eit snobbefenomen i Noreg. Om vi ser på kven som brukar biblioteket på ei heilt vanleg veke, så er det alle typar folk. Det er ein breddekultur, og det er eit godt utgongspunkt for å involvere mange i prosjektet, avsluttar kultursjefen.

Før han legg til:

– Det blir ikkje berre innadvent polsk kortprosa.

Lanseringa av UNESCO-byen skjer under litteraturfestivalen i mai 2018.