Utsikt fra Besseggen
Foto: Karianne Stordal / NRK

Frå Innlandet til heile landet!

NRK Hedmark og Oppland fortel nyheiter og historier frå Innlandet til heile landet. I 2017 tok vi heile landet med på tur over Besseggen.

Innhald: På tur over Besseggen | Sommartoget | Først – og med heile bildet | Born og unge | Når bileta fortel | Ulveåret 2017 | Lokal og nasjonal konkurranse | P1 i Hedmark og Oppland | Region Innlandet | Valkamp og valnatt | Riksproduksjon

INVITERER PÅ TUR: Terje Gording Hong, Even Lusæter og Ivar Arne Nordrum vil gjerne har selskap.

Terje Gording Hong, Even Lusæter og Ivar Arne Nordrum tok tv-sjåarane med seg over Besseggen i september.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang, den er over halve milen lang…

Peer Gynt, Bukkerittet

Turen over Besseggen er blant dei mest mytiske og populære fjellturane våre. Mange har fått smake på høgdeskrekk, motvind og gnagsår langs den 7–8 timar lange ruta. Men så har dei også fått løn i storslått natur, svimlande utsikt og den ubeskrivelege gleda over å ha greidd det.

60.000 går ruta årleg, og i byrjinga av september filma vi i NRK Hedmark og Oppland turen minutt for minutt.

Kjende fjellfolk frå Vågå og Lom gjekk saman med dei sprekaste av våre teknologar og reporterar, for her skulle det berast utstyr, filmast og rapporterast, samtidig som dei skulle halde gode fart over eggen.

Heile turen på 7 timar gjekk på NRK2, og 1. juledag kunne dei som ikkje fekk med seg hendinga direkte sjå eit redigert utdrag på NRK1.

Sommartoget

Unge jenter selger Mørlefser på Alvdal stasjon
Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Ingen stader er det meir jernbane enn i Hedmark og Oppland. I gamle dagar gjekk bygdefolk til jernbanestasjonen for å sjekke om det var noko nytt, kanskje kom det framandfolk med toget?

Sommaren 2017 kom heile byda til stasjonen når Sommartoget kom. For togstoppen vart jo faktisk vist på NRK1 to gonger seinare på dagen og det var ein strålande anledning å vise fram bygda si for heile landet.

Også våre tilsette var om bord i toget, som programleiar, som fotograf, som vertinne. Og Madeleine Cederström var til stades på perrongen og sende ettermiddagssendinga frå alle stader der toget stoppa i Hedmark og Oppland.

Å vise fram regionen vår med naturen og folka som bur her på denne måten, er noko av det vi i NRK Hedmark og Oppland ønskjer. NRK skal samle folk. Med Sommartoget gjorde vi det.

Vi vil fortelje dei unike historiene frå Innlandet til heile landet. Og vi skal vere til stades når viktige hendingar skjer, både dei som samlar og dei som splittar folk. Det må ikkje vere harmoni for at folk samlast. Men det hjelper om vi som er journalistar viser at det er håp, ein veg ut av konflikten. Dei konstruktive røystene må også fram.

Sommertoget-kake
Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Først – og med heile bildet

Brannen i Storgata

Ei stille januarnatt i fjor braut det ut brann i Storgata i Lillehammer, den mest kjende Storgata i nokon norsk småby. Ein av dei eldste og største bygardane vart totalt øydelagd i brannen. Ei kvinne er i ettertid sikta for uaktsam brannstifting.

Ingen mista livet i brannen, men den vart dramatisk. Og medan brannvesenet berga ut folk og hindra at brannen spreidde seg, var NRK nyheitsleiande.

Vi var først – og vi har dekka heile bildet. Eitt år etter står framleis brannruinane der, historia er ikkje avslutta. Kva skal det bli der den historiske Listadgården stod? Vi lover at folk i heile landet skal få vite korleis det går framover.

Brann i Storgata på Lillehammer
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Motkreftene

Angrep politiet
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

I oktober hadde Stopp Islamiseringen (SIAN) ei markering på Gjøvik. Fleire hundre motdemonstrantar møtte opp for å vende SIAN ryggen, men det kom ut av kontroll. Nokre av motdemonstrantane gjekk til åtak på politiet, ein politimann vart lettare skadd og fleire personar arresterte.

Oppland Arbeiderblad hadde trykt opp T-skjorter og plakatar før demonstrasjonen, redaktør Erik Sønstelie skreiv at avisa ønskja å fremje kjærleik og fellesskap framfor hat og utanforskap.

I ettertid sa Sønsteli til si eiga avis og til NRK: – OA framprovoserte ikkje vald, vi gjorde det motsette. Det er viktig å stå opp mot all form for ekstremisme og mot ordskiftet som splittar oss og utfordrar samfunnssituasjonen vår.

Erik Sønsterli
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Avisene i Hedmark og Oppland er alle knytt til ein by eller tettstad og er lokalpatriotar og heier på SIN by. Med dette gjekk OA kanskje eit skritt lengre i å engasjere seg enn kva som er vanleg. Det er ein prinsipielt veldig interessant diskusjon. I NRK dekka vi saka, vi fekk fram kva som skjedde både for eit nasjonalt og eit lokalt publikum.

Men også vi på distriktskontoret har eit ansvar for korleis debattane skal vere i vår region: I våre vedtekter heiter det at NRK har eit ansvar for å vareta sosiale, kulturelle og demokratiske verdiar.

Born og unge

Tradisjonelt har distriktsstoffet eit vakse publikum. Men på nett, mobil og gjennom Facebook, kan vi nå fleire heilt unge og unge vaksne. Og også dei midt imellom, 30 og 40-åringane, mange av dei har vorte foreldre. Da må vi leite etter tema som engasjerer desse publikumsgruppene.

Barnevernet som svikta

Kva skjer når barnevernet i ei kommune ikkje greier å gjere jobben sin? Ein tilsynsrapport frå fylkesmannen i Oppland viste at Barnevernstenesta i Land svikta i 89 prosent av tilfella. Barnevernet var prega av mannskapsmangel og høgt sjukefråvær. Etter denne rapporten produserte vi i NRK Hedmark og Oppland fleire enn 20 saker om barnevernet i Land. Tiltak var sette i gang. Rådmannen i kommunen tok sjølvkritikk på at han ikkje hadde greidd å betre tilhøva før. Det siste halve året har kommunen tilsett fleire og fått fart på saksgangen, så barnevernet seier dei nå er i rute.

I kjølvatnet av saka dukka våre journalistar ned i andre område rundt barnevernet. Her gjorde redaksjonen eit grundig journalistisk arbeid. Den eine reportasjen handla om kva som skjer når eit barn blir henta etter eit akuttvedtak:

– Eg var kjemperedd. Eg trudde eg hadde gjort noko gale og at eg var kriminell fordi det kom politi og henta meg, fortel den nå 14 år gamle jenta.

Akutthentet av barnevernet
Foto: Line Fosser Vogt / NRK

Farida i Afghanistan

Farida
Foto: privat

For tre år sidan vart Farida og familien utvist frå Norge, og sidan den gong har dei levd i skjul i Kabul. Vi følger med på korleis det går med Farida. Frå hennar norske heimstad Dokka får Farida undervisning av læraren sin på Skype ein dag i veka, og kvar månad sender folk på Dokka pengar til den vesle familien for at dei skal greie seg i Kabul.

Saka til Farida er ikkje avklart, det var stor skuffelse på Dokka da det vart kjent at Høgsterett vil ta saka etter anke frå Staten.

Måtte slutte med fotball

Facebook hjelper oss til å nå yngre også. Slik som da 15 år gamle fortalde om korleis det var da han måtte slutte på fotballen fordi mor ikkje hadde råd til å betale.

Å bokse derimot er ikkje så dyrt. Det gjer inntrykk når ungdom fortel sjølv – og ikkje vaksne fortel på vegner av dei.

Å bli eksludert fra idretten du elsker på grunn av økonomi, er en vanskelig opplevelse. I dag åpnet en utstilling om dette på Lillehammer. Rashid Salamov er en ung gutt som fikk kjenne på det å måtte slutte med idretten sin

Når bilda fortel

Nokre nyheiter kan både skape stort engasjement og få oss til å dra på smilebandet. Konflikten rundt eit kunstverk i Kvam vart heftig nok for dei som stod oppi den, men mange rista på hovudet da dei såg kunsten. Ja, for var det kunst, eller?

Kvamkunst: Tor Kolloen

Tor Kolloen på Kvam syntest ikkje noko om kunsten som fylkeskommune, kommune og Staten hadde plassert på Kvam som eit slags "plaster på såret" etter at E6 vart lagt utanom.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Eitt godt bilde kan bere ei heil sak. Fleire av dei best leste sakene våre er bygd rundt artige bilde. Eitt eksempel er dette av kokken Tommy Østhagen som hadde plukka meir enn 200 kg sopp på eitt døgn.

Østhagen fekk også stor merksemd da han presenterte for oss den eksklusive råvara «elefantsnabelskjell»

Tommy Østhagens fylte bilen med sopp
Foto: Privat

Ulveåret 2017

NRK skal dekke viktige samfunnsområde der andre nasjonale medium ikkje er til stades. NRK Hedmark og Oppland har sørga for at NRK er nyheitsleiande i ulvesaka, både med å dekke hendingar og med eigen dagsordensettande journalistikk.

Striden mellom dei som vil skyte ulv og dei som vil verne, er ei av dei heitaste politiske konfliktane i Norge. Den har vorte sjølve symbolet på skiljelinene mellom det tradisjonelle bygdelivet og det urbane bylivet.

Kvar gong vi deler ei sak om ulv på Facebook «tar det fyr» i debattfeltet. Debatten er splittande og av og til hatefull. Fleire gonger har redaksjonen bedt folk roe seg ned og behandle motstandaren med respekt. Vi har ansvar for at ikkje injurierande eller krenkande åtak blir ståande.

Ulv Moss
Foto: http://viltkamera.nina.no/

Ulvebestanden har auka mykje i ulvesona øst for Glomma i Hedmark dei to siste åra. I 2017 vart ei planlagt ulvejakt innanfor sona stoppa i retten. Bønder, jegerar og andre som ville redusere bestanden protesterte kraftig, og det toppa seg med store demonstrasjonar utanfor Stortinget, der det var kravd å skyte ulv.

Sommaren 2017 herja ein streifulv i saueflokkar på Toten, Hadeland og i Eidsvoll. Da blussa det opp att, ulvestriden prega valkampen og Senterpartiet hadde stor framgang. Fleire kommentatorar forklarte det blant anna med ulvesaka.

NRK Hedmark og Oppland og Østlandssendingen arrangerte ulvedebatt som ein del av NRKs nasjonale valkampsatsing.

Ulvedebatt fra Eidsvoll

I desember vart det avgjort at det likevel skulle bli jakt innanfor ulvesona. Jakta starta 1. januar 2018 og i løpet av to veker var det felt 16 ulvar.

Hard lokal og nasjonalt konkurranse

Gjennom grundig og rask journalistikk når vi flest når saka kan publiserast både lokalt og nasjonalt. Vi leiter etter dei unike historiene som står ut. Men det er vi ikkje aleine om!

Hedmark og Oppland har mange regionar med lokale identitetar og mange lokalaviser som er sterke merkevarer. Slik som Gudbrandsdølen Dagningen, Oppland Arbeiderblad, Hamar Arbeiderblad, Glåmdalen, Hadeland, Ringsaker Blad og Østlendingen.

Alle er aviser med sterk posisjon på nett og mobil, og dei utviklar seg stadig. Avisene er ei viktig kjelde for oss til gode saker, og vi meiner det er ein styrke for mediemangfaldet i Innlandet at vi også kan løfte deira saker opp til publikum i heile landet, sjølvsagt med tilvising og djuplenking til kjelda.

Laster Highcharts-innhold

P1 i Hedmark og Oppland

Midt i ei tid med skarp konkurranse i mediemarknaden står distriktssendingane i radio og TV seg godt, spesielt hos vaksne. Vi er svært stolte av radioprogramleiarane våre som saman med musikken er avgjerande for at publikum vil lytte.

På morgonen er det Bjørnar Pedersen og Stein S Eide. På ettermiddagen er det Madeleine Cederström og Reidar Kjæstad. Alle desse fire er sterke radioprofilar i P1.

Saman med solide folk som Audun Kristiansen og Vibecke Wold Haagensen lager programleiarane sendingar for dei som er «unge i hovudet» og liker å bli underhaldne, opplyste, informerte og få meining i kvardagen.

Hos oss skal du som høyrer på kjenne at det livet du lever er godt nok, og at du er inkludert i eit fellesskap. Undersøkingar blant unge viser at det dei ønskjer seg i livet er fellesskap og meining. Men jammen meg er det slik for eldre også.

Vibecke Wold Haagensen og Bjørnar Pedersen
Foto: NRK

Utfordrande med DAB

I april 2017 gjekk vi over til DAB i vår senderegion. Vi prøvde å gjere overgangen lett for publikum med å informere godt, men mange var – og er framleis – misnøgde – så det vart ei utfordrande tid også for oss, og framleis er ikkje alle lyttarane tilbake hos oss.

Region Innlandet

Regionreform:

For oss her i Hedmark og Oppland er det sjølvsagt at vi skal dekke dei store og viktige hendingane og debattane i vårt distrikt. Dette er to fylke sette saman av mange ulike regionar med ulike interesser. Ofte går konfliktlinene mellom dei enkelte Mjøsbyane og andre gonger mellom utkantkommunane og Mjøsbyane.

I 2017 innhenta regionreforma Hedmark og Oppland. Fylkeskommunane blir slått saman, namnet blir Innlandet og hovudsetet blir på Hamar. Fylkesmannsembetet blir på Lillehammer. Knut Storberget er tilsett som Fylkesmann i Innlandet.

Knut Storberget Sigurd Tremoen
Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Storsjukehus:

Men aller mest engasjement er det rundt plasseringa av sjukehusa i landsdelen. Hausten 2017 strøyma vi styremøtet i sjukehuset Innlandet der dei vedtok å bygge eit hovudsjukehus ved Mjøsbrua og behandle dei gamle sjukehusa som avanserte lokalsjukehus.

Nå skal Helse Sør-Øst ta stilling til forslaget. NRK er einaste redaksjon i Innlandet som dekker begge fylka. Vi har eit ansvar for at det blir sett søkelys på alle sidert, i alle dei betente sakene som handlar om lokalisering, som skissert i denne kommentaren.

Storsykehus i Moelv, Atelier Holthes illustrasjon
Foto: ATELIER HOLTHE V/BJØRN HOLTHE, MOELV / ILLUSTRASJON

Valkamp og valnatt

Valgnatt i Elverum 2017
Foto: NRK

I årets valkamp samarbeidde vi med Oppland Arbeiderblad, Østlendingen og Glåmdalen om meiningsmålingar. Vi dekka også den faste valdebatten HA arrangerer på Hamar. Og vi hadde vår eiga valnatt både frå Elverum og Lillehammer. I Elverum var vår valnatt staden der alle Hedmarksaviser og Hedmarkspolitkarar møttest valnatta.

Det var knytt stor spenning til om Høgre i det heile ville få representantar sidan Senterpartiet såg ut til å gjere det så sterkt. Både i Oppland og Hedmark auka Sp til to mandat. Men det var Arbeidarpartiet som tapte på det og fekk inn to frå kvart fylke, mot tre tidlegare.

Hedmark og Oppland består av mange regionar med lokale identitetar

I valkampen produserte journalist Arne Sørenes «Stemmer», alle desse videoane gjekk i TV og på nett-TV og Sosial medium. Det var ein ny måte å gå inn i valet på!

Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang

Riksproduksjon:

Madeleine spelar svensk

Madeleine Cederström har starta sitt eige program i kanalen P1+. Rett og slett «Madde spelar svensk»! Raskt har det vorte eit populært program, her får Madeleine hente fram alt ho har av heimlengt og gode minne frå si fortid som svenske. Ho auser hemningslaust frå den djupe brønnen av svensk pop, rock, viser, songar. Mykje fint å kjenne seg att i!

Vil du høyre meir, finn du madde på P1+ på måndagar og søndagar, og i radiospilleren.


Språkteigen

Det populære programmet Språkteigen i P2 blir produsert hos oss. Programleiar er Torunn Myhre. I dette programmet behandlar Torunn alt frå dialektar til retorikk, ungdomsspråk – og i desember kåra programmet Årets Ord!

Og kva vart ordet: Det har med #metoo å gjere – trakassering.

Språkteigen kan du høyre på P2 kvar søndag formiddag, i radiospilleren, eller laste ned som podkast.

Natur

I 2017 utvida NRK Hedmark og Oppland sin naturredaksjon. Våre tre faste for Ut i Naturen i Elverum er Kari Toft, Trond Berg og Reidar Gregersen. Dei produserer ein stor del av det Ut i Naturen sender på NRK1. Men i 2017 har vi også produsert serien «Magiske Glomma». Det er Geir Randby som har manus, regi og hovudfoto på serien, men han har hatt hjelp av fleire av våre andre faste folk som til vanleg produserer mest nyheiter. Serien hadde premiere 6. januar 2018.

Norsk dokumentarserie fra 2018. Glomma er Norges lengste og mest vannrike elvesystem. Vi besøker kildene i fjellet, som vi finner i Jotunheimen i vest, på Rørosvidda og i Sverige i øst. Ved Gjende opplever vi kanskje Norges største insektsverm, vi møter moskusen på Dovrefjell, og harren gyter i elva nær Røros. Mariann Sæther, elvepadler, og Morten Kraabøl, biolog med lidenskap for livet i ferskvann, viser oss Norges svar på Nilen. (5:5)