alfredo1
Foto: arne sørenes / nrk

– Kall meg Alfredo!

Lillehammer (NRK): Han mista alt han hadde og måtte leve på gata som tolvåring. No skal den tidlegare flyktningen skape fred frå Lillehammer.

– Eg er den høgste chilenaren du har sett!

Med sine to meter og fem centimeter ruvar han minst eit hovud over alle andre som er samla i foajéen til Nansenskolen på Lillehammer ein mild torsdagskveld i mars.

Den nye sjefen for Nansen Fredssenter, dialogsenteret som vart oppretta ved skulen i 1995, møter ambassadørar frå fleire land på Balkan, ordføraren i Lillehammer og andre som er komne for å feire tjue år med dialog mellom ulike folkegrupper i det tidlegare Jugoslavia.

Alle ser dei opp i eit par vennlege brune auge når den nytilsette leiaren strekkjer ut ei hand:

– Alfredo Zamudio. Men kall meg Alfredo.

alfredo og espen3

GOD STEMNING: Muntert mellom den nye leiaren på Nansen Fredssenter, Alfredo Zamudio og Espen Johnsen, ordførar i Lillehammer. I midten Steinar Bryn, spesialrådgjevar og primus motor for dialogprosjektet på Balkan.

Foto: arne sørenes / nrk

Chile, 1973.

I Arica, ein liten by i det nordlege Chile, bur tolv år gamle Alfredo i lag med far sin då general Augusto Pinochet styrtar den lovleg valde regjeringa den 11. september 1973. Presidentpalasset i hovudstaden Santiago blir bomba, og den sosialistiske presidenten Salvador Allende døyr.

alfredo og tante

VESLE ALFREDO: Seksåringen Alfredo saman med tante Adela heime i Chile, 1967.

Foto: privat / nrk

Over natta går Chile frå å vere eit slags demokratisk fyrtårn i Latin-Amerika, til å bli det kanskje mest brutale militærdiktaturet på eit kontinent som elles var sterkt prega av brutale generalar, kupp og militærjuntaer. Støttespelarar av den drepne presidenten blir arresterte, og hus og eigedommar konfiskerte.

12 september 1973, dagen etter militærkuppet, blir Alfredo Zamudio Concha arrestert i heimen sin i Arica. Sonen Alfredo er på butikken for å kjøpe proviant, for far og son har planlagt å flykte gjennom ørkenen til Peru. Så langt kjem dei ikkje. Då tolvåringen Alfredo kjem heim igjen, er faren borte.

– Eg vart det som ein no kallar aleineståande mindreårig, internt fordriven og huslaus. Far min vart arrestert, eg mista heimen min og heile framtida mi frå ein dag til den neste. Eg måtte finne ut korleis eg skulle overleve.

Den store mannen er rak i ryggen mens han fortel om barndommen. Tre år levde han frå hand til munn, sov der han fann ein plass, stort sett på gata. Det kunne gå veker mellom kvar gong han åt skikkeleg.

– Eg hadde nokre gode folk som hjelpte meg, men som oftast hadde dei ikkje pengar, eller dei kunne ikkje hjelpe meg av frykt for represaliar på grunn av den politiske ståstaden til far min. Så då sov eg under bruer, i ei eske rett på gata. Eg fekk dusje av og til hos venner som gav meg mat, men livet mitt var opp og ned heile tida. Det var ikkje mogleg å planlegge noko som helst.

alfredo zamudios

STERKE MINNER: Alfrdo Zamudio har sterke minner frå tida då han levde som gategut i Chile.

Foto: arne sørenes / nrk

Ny kontakt

I april 1974 fann Alfredo ut kor faren var fengsla, og fekk treffe han i fengselet. Med seg hadde han nokre billige sigarettar som gåve.

– Det var dårlege sigarettar, rein gift! Men eg hadde høyrt at det var vanleg å ha med ei gåve når ein vitja folk i fengsel, så då vart det sigarettar. Det var det einaste eg klarte å skrape saman pengar til.

Alfredo Zamudios Concha.

POLITISK FANGE: Alfredo Zamudio Concha (1928–1998) var politisk fange i Chile i tre år frå 1973 til 1976. Dette bildet er tatt i september 1976 i samband med at han vart frigjeven.

Foto: privat / nrk

Faren vart ofte flytta på, men Alfredo heldt seg oppdatert på kor faren var til ei kvar tid. Frå han var tolv til han var femten følgde Alfredo etter faren frå fengsel til fengsel, og fekk treffe han no og då. I 1976, tre år etter kuppet, fekk han via mellomledd beskjed om å reise til flyplassen i Santiago. Seint ute etter å ha haika ser Alfredo far sin i lenker mellom soldatar og ein mann som viste seg å vere den norske ambassadøren Frode Nilsen.

– Far var heilt fin då dei tok av handjerna, men då dei tok av fotlenkene vart han flau, for då måtte han ta av buksa. Eg vart flau, eg og. Det er eit minne som har brent seg fast.

Utan lenker går dei to om bord i eit fly, og legg ut på si livs reise. Først til Buenos Aires, så vidare til Rio de Janeiro, Monrovia, Zürich og København. Den 16. september 1976 landar dei på flyplassen Fornebu i eit land dei veit lite eller ingenting om. Her skal dei prøve å byggje seg eit nytt liv. I fridom.

Den modige ambassadøren

I 1975, to år etter kuppet i Chile, vart den erfarne diplomaten Frode Nilsen utnemnd til norsk ambassadør i Chile. Nilsen vart sendt til Santiago alt i oktober 1973, for å løyse flokane knytt til at den dåverande ambassadøren nekta å ta i mot flyktningar på norsk territorium. Nilsen tok straks tak i situasjon, og fekk i løynd smugla 30 flyktningar inn i ambassaden.

Ambassadør Frode Nilsen

AMBASSADØREN: Den erfarne diplomaten Frode Nilsen var norsk ambassadør i Chile i to periodar, frå 1975–1982 og 1988–1992.

Foto: Thorberg, Erik / NTB scanpix

«Ingen norsk diplomat har redda fleire menneskeliv enn Frode Nilsen», skriv tidlegare NRK-korrespondent Erling Borgen i ein kronikk han publiserte i september 2013, førti år etter kuppet i Chile.

politiske fangar

I FENGSEL: Alfredo Zamudio Concha (den høgaste mannen på biletet) saman med andre politiske fangar i Chile.

Foto: privat / nrk

Nilsen besøkte politiske fangar i fengselet, og forhandla med det chilenske diktaturet på høgt nivå for å få dei frigjevne. Hundrevis av chilenarar kom til Noreg takka vere innsatsen til den modige ambassadøren, og det var også Nilsen som foreina far og son Zamudio på flyplassen i Santiago.

– Nilsen vitja far min i fengselet, intervjua han og anbefalte at Noreg skulle gje han politisk asyl. Den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM, ordna det praktiske, og brått sat vi på flyet til Zürich. Men vi kjende oss ikkje trygge før flyet landa i den sveitsiske hovudstaden. Først då våga vi å tru på eit liv i fridom.

Alfredo og far

PÅ HAUGETUN: Far og son Zamudio på Haugetun Folkehøgskole i Fredrikstad, 1978.

Foto: privat / nrk

Eit liv som flyktninghjelpar

I Noreg vart Alfredo og faren tatt i mot av folk frå Norsk Flyktningeråd, forgjengaren til den humanitære organisasjonen Flyktninghjelpen. Dei hjelpte Alfredo med plass på Haugetun Folkehøgskole på Rolvsøy utanfor Fredrikstad.

– Då byrja eg å leve som ein normal gut.

Sidan har nettopp Flyktninghjelpen vore sentral i det profesjonelle livet til mannen som etter kvart vart ein internasjonal ekspert på eit område han har personlege erfaringar frå. Til Nansen Fredssenter kjem han frå stillinga som direktør for Flyktninghjelpen sitt Internal Displacement Monitoring Center (IDMC) i Genève, eit senter som blir rekna som verda sitt hovudorgan for ekspertise i saker om internt fordrivne flyktningar. Zamudio har også jobba for Flyktningehjelpen som landdirektør i Øst-Timor, i Darfur og Sudan, og i Colombia, der han var internasjonal ekspert for FN sin Høgkommisær for flyktningar.

På jobb i Darfur

DARFUR: Alfredo Zamudio på jobb for Flyktninghjelpen i Darfur.

Foto: Oksana Chikina / Flyktninghjelpen

Vil gjere Lillehammer til global aktør

I Lillehammer hadde Alfredo Zamudio berre vore ein gong tidlegare før han søkte seg til leiarjobben ved Nansen Fredssenter. Elevane ved folkehøgskulen i Fredrikstad var på vintertur til Sjusjøen:

Eg fekk utlevert eit par plankar, og fekk beskjed om å gå på ski ned til Lillehammer. Det var første gongen eg stod på ski, og eg kom meg ned til slutt. Men det vart mange fall i løypa.

Førti år seinare er han tilbake i småbyen nedst i Gudbrandsdalen med ein klar ambisjon:

alredo3

DIALOG: Alfredo Zamudio vil gjere Lillehammer til ein global arena for dialog.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg har jobba ute i 15 år, og no ynskjer eg å ta del i det som skjer i Noreg. Vi treng nye stemmer, og eg vil bidra med mine erfaringar. Eg veit at ei verd i krise treng ein stad for dialog. Nansen Fredssenter har det som skal til for å bli den staden.

Målet er å byggje på erfaringane fredssenterer i Lillehammer har gjort seg etter tjue år med dialog på Balkan. Draumen er å bli ein global aktør som legg til rette for gode møter på tvers av skiljelinjer:

– Vi kan lære bort metodar og motivere folk til å ville gjere endringar. Å sjå dei andre, ikkje som "Dei Andre", men som del av "Oss", er nøkkelen til dialog og redusert konflikt. For å få til dette må vi skape møtestader. Lillehammer og Nansen Fredssenter skal bli ein slik møtestad.

nansen fredssenter 2

MØTESTAD: Nansen Fredssenter inviterte til feiring av 20 år med dialog på Balkan like før påske.

Foto: arne sørenes / nrk