Hopp til innhold

VM-sølv til Kenneth Gangnes

Kenneth Gangnes frå Kolbu tok VM-sølv i skiflyging etter at fjerde og avgjerande omgong vart avlyst på grunn av værforholda i Kulm. Slovenske Peter Prevc vart verdsmeister.

Kenneth Gangnes hopper 238.5 meter i første omgang. Direkte fra Kulm. Kommentatorer er Christian Nilssen og Johan Remen Evensen.

ANDREPLASS: Kenneth Gangnes hoppa 238,5 meter i d

– Eg har ikke ord, eg er heilt ute!

Det seier Kenneth Gangnes til NRK etter at vm-sølvet i skiflyging er sikra.

– Eg har det heilt fantastisk, det er ein guttedrøm som går i oppfylling. Alt går på skinner om dagen.

Falt i prøveomgongen

Kolbuhopparen leia etter første dag av skiflygings-VM. Men i prøveomgongen i dag falt han på 238 meter. Likevel hoppa han heile 238,5 meter i den fyrste omgongen i konkurransen i dag. Det imponerte landslagsjef Alexander Stöckl:

– Ein fantastisk prestasjon som seier det meste om Gangnes, sa Stökl like etter at det vart klart at den fjerde og siste omgongen vart avlyst på grunn av værtilhøva.

Dermed vann slovenske Peter Prevc som satte bakkerekord med eit kjempehopp på 244 meter . Verdsmeister Prevc var kun 3,3 poeng framfor Kenneth Gangnes frå Kolbu.

Gangnes

SØLV: Kenneth Gangnes saman med landslagssjef Alexander Stöckl

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Flere saker fra Innlandet