NRK Meny
Normal

VM-klare Maren Lundby lada opp med hyllest til hoppsporten

RAUFOSS (NRK): Maren Lundby gjer seg klar for VM i Lahti. Heime lar ho seg more og inspirere av gamle hoppheltar og sportsentusiastar.

Maren Lundby mimrar om hopp før i tida

PUST I BAKKEN: Maren Lundby er klar for VM i Lahti. På eit kort heimebesøk fekk ho seg ein pust i bakken under hoppsalongen i Raufoss der dei fortalde gamle hopphistorier.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det blir artig å få høyre litt om historia til sporten og kva som har føregått før i tida, seier Maren Lundby.

I går tok ho seg tid til ein tur innom Fyrverkeriet kulturhus på Raufoss for å høyre gamle historier og hylle hoppsporten i samband med fyrverkeridagane i Vestre Toten. Hopp-legende Roger Ruud hadde show på scena saman med hoppentusiast Viggo Sandvik og forfattar Thor Gotaas.

Vart tidleg interessert i hopp

Dei fyrste hoppskia fekk ho allereie tre år gamal. Ho fortel at det eigentleg var bror hennar som starta å hoppe fyrst, og at ho på den måten vart inspirert. Som 14-åring deltok ho i VM for fyrste gong. No er ho klar for Lahti der ho er eit av dei store medaljehåpa.

– Eg håpar å få tatt ut mine beste hopp i VM og at det skal halde til å ta medalje. Det har vist seg å gå fint tidlegare i vinter, seier Lundby.

Ho har førebudd seg med mykje konkurrering gjennom vinteren og kjenner seg veldig klar for verdsmeisterskap. Ho har tydeleg greidd å imponere tidlegare hoppar Roger Ruud som seier han støtt har hatt trua på 22-åringen.

– Vi går for pallen og håpar på det gjævaste. Og det har eg trua på, ho har bevist no at ho greier det, seier Ruud.

Roger Ruud demonstrerer eit hopp

MIMRAR: Roger Ruud demonstrerte og fortalde entusiastisk historier frå gamledagar. Scena var pryda med gamle hoppski.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Mimrar om gamledagar

Salen var i går kveld fylt opp med publikum som ville vere med å mimre litt rundt hoppsporten. På scena stod gamle hoppski med bølgetupp. Lundby smilte litt av historiene frå gamle dagar då Ruud var på topp, og kunne bekrefte at mykje har forandra seg i sporten.

– Ja, spesielt skiutstyret har utvikla seg mykje, seier ho og ler litt av dei gamle bølgetuppskia.

Full sal i fyrverkeri kulturhus

FULL SAL: I Vestre Toten er hoppsporten stor, og mange møtte opp for å høyre historier om hopp før og no.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang