Hopp til innhold

Vinstra-drapet: I dag vart drapsofferet gravlagd

VINSTRA (NRK): Ho vart berre 16 år. I dag vart ho gravlagd i Sødorp kyrkje med vener og familie til stades.

Begravelse drap Vinstra

GRAVFERD: Den 16 år gamle jenta vart gravlagd i Sødorp kyrkje onsdag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

«Du gjorde dagen mykje betre, du hadde det finaste smilet, du strålte da du kom. Alle vart glade når dei såg deg.»

Slik er jenta skildra i kondolanseprotokollen på Vinstra Vidaregåande Skule. Skulen ho akkurat hadde starta på.

I dag vart ho gravlagd.

Eit vanskeleg oppdrag

Klokka 13 i dag ringde klokkene i Sødorp kyrkje på Vinstra.

Sokneprest i Nord-Fron Jens Petter Ous leia gravferda.

– Det veit eg kjem til å bli eit vanskeleg oppdrag. Det er jo ei gravferd som vi kjenner på i heile bygda. Det sit i kroppen, seier han.

Vinstra-drapet: Sokneprest Jens Petter Ous

SKAL HALDE GRAVFERDA: Sokneprest i Nord-Fron, Jens Petter Ous seier han har forma både minneord og andakt saman med familien til jenta.

Foto: EVEN LUSÆTER / NRK

Kyrkja har plass til 350 menneske, men det var venta at endå fleire ville kome i gravferda.

– Vi har og ei kyrkjestove ved sidan av som vi kanskje kan få plass til 150 menneske i. Dit blir det overføring av bilde og lyd, slik at folk kan vere med der òg. Det vil òg stå ein høgtalar ute i tilfelle det kjem endå fleire, seier Ous.

Begravelse på Vinstra

Sødorp kyrkje.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Familien ynskte ikkje at pressa skulle vere til stades inne i kyrkja under gravferda. Berre NTB Scanpix hadde fått tilgang til kyrkja.

– Pressa skal få sitt, men det som er viktigast for oss er at familien skal bli skjerma best mogleg, seier han.

Smilet ditt, latteren din, dei rare utbrota dine, kjem eg aldri til å gløyme.

Fra kondolanseprotokollen

Kjende drapssikta

Politiet har vore særs tilbakehaldne med informasjon om kva som skjedde den tragiske ettermiddagen på Vinstra 31. oktober.

Det dei har fortalt er at jenta gjekk i same klasse på ungdomsskulen som han som no er sikta for drapet. Dei gjekk også på same vidaregåande skule på Vinstra.

Så langt har ikkje politiet sagt noko om korleis drapet gjekk fore seg, kva motiv som kan ligge bak, eller kvifor den sikta 16-åringen var i nabolaget til jenta.

Vinstra vgs kondolanseprotokoll

BLOMSTERHAV: Hundrevis av roser i ulike fargar prega kantina på Vinstra vidaregåande skule etter at den 16 år gamle jenta vart drepen.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Vart augevitne

Wenche Bøe bur i huset like ved åstaden, og vart vitne til drapet.

– Eg kom frå kjøkenet og gjekk inn i stova, og da såg eg ned til nabohuset. Eg såg nokon som «dreiv å baska i hop», seier ho.

Ho fortel at ein mann kom til staden og freista å stoppe hendinga.

– Eg såg jenta fell bakover, og da orka eg ikkje å sjå meir. Eg ropte i staden på sambuaren min og bad han kome, seier ho.

Flere saker fra Innlandet