Hopp til innhold

Vill Vest med humør som våpen

Countryfestivalen i Skjåk er ein institusjon for dei som elskar å kle seg som dei gjorde i Ville Vesten. I år er det fleire cowboyar der enn nokon sinne.

Countryfestival i Skjåk

GOD STEMNING: Folk ser ut til å trivast på festival i Skjåk.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Skjåk er ei lita, roleg bygd, 51 uker i året. Men så smell det, ikkje med skarp ammunisjon, men med fest så det brakar. For no er det country-festival i Gudbrandsdalen.

På festivalområdet har mange fått cowboyhatten på hovudet og boots på beina. Det er eit breitt spekter countrymusikk å høyre på arenaen. Tradisjonell country, rockabilly på låven og norske band som Vassendgutane trekker folk.

Dette arrangementet blir berre betre og betre for kvart år, seier Jeanett Rudrud frå Fåvang.

Ho har vald å reise til Skjåk, fordi ho vil gå på ein festival utan bråk og tull.

Amerikanske trekkplaster

Sjanett Rudrud

TRIVST: Sjanett Rudrud likar å vera på ein roleg festival.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Det er 30 år sia første countryfestivalen vart arrangert i Skjåk, og folk strøymer til festivalområdet.

Av utanlandske trekkplaster er amerikanske Billy Yates og Amber Digby dei store navna på årets festival.

Denne helga er freda for mange, både bygdafolk og tilreisande,

Geir Ove Melby

Geir Ove Melby og teamet hans seier at dei skal gjera sitt beste for at eit vaksent, musikkinteressert publikum skal få ei langhelg dei aldri vil gløyme.

Geir Ove Melby

FESTIVALGENERAL: Geir Ove Melby har nulltoleranse for bråk.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Mot ny rekord

Countryfestivalen i Skjåk opplever stor auke i oppslutnad. 30 prosent auke i fjor og 13 prosent auke på forhåndsbestilte billettar i år gjer at den intime festivalen går mot ny rekord.

– Musikken treffer vårt publikum. Det er ein fredeleg og roleg countryfestival. Folk trivst og kosar seg, bråk aksepterer vi ikkje, seier arrangør Geir Ove Melby.

Festivalgeneralen seier det er eit godt miljø for countrymusikk i Skjåk.

Festivalområdet er bygd opp rundt det gamle gardsbruket Skjåkøygard i Nordberg. Garden vart tatt av ras i 1913. Husa vart raskt bygd opp att, og det er dei gamle husa frå tidleg 1900-tal som nå er basis for arenaen.

Countryfestivalen i Skjåk er ein institusjon for dei som elskar å kle seg som dei gjorde i Ville Vesten. I år er det fleire cowboyar der enn nokon sinne.

Flere saker fra Innlandet